Hopp til innhold

Kjøt frå i fjor blir til pinnekjøt i år

Nordfjord Kjøtt brukar islandsk lammekjøt frå dyr som vart slakta i fjor i produksjonen av årets pinnekjøt. Forbrukarrådet er skeptiske.

Pinnekjøtt med kålrabi/gulrotstappe.

FRÅ I FJOR: Ein del av pinnekjøtet som blir produsert ved Nordfjord Kjøtt i år er laga av islandsk sauekjøt som er eitt år gammalt.

Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK

Ein del av kjøtet som Nordfjord Kjøtt i Loen i år brukar til pinnekjøt er verken norsk eller årsferskt. I staden brukar dei eitt år gammal islandsk lammekjøt.

Gunstein Instefjord, som er fagdirektør for Mat og Handel i Forbrukarrådet, er skeptisk. Han viser til at det ikkje står noko på pakningen om kor tid kjøtet vart fryst ned.

Gunstein Instefjord, fagdirektør mat og handel, Forbrukerrådet

KRITISK: Gunstein Instefjord i Forbrukarrådet er kritisk til at Nordfjord Kjøtt ikkje opplyser noko om innfrysingsdato på pakken.

Foto: CF-Wesenberg - Kolonihaven

Når det ikkje står noko om innfrysingsdato veit ikkje forbrukarane kor gamalt kjøtet er, seier han.

– Dette er ikkje bra, seier Instefjord til NRK.no.

– Ikkje regelbrot, men viktig likevel

Slik det er i dag er det ikkje noko regelbrot å ikkje oppgje innfrysingsdatoen på kjøt. Men Instefjord i Forbrukarrådet er likevel kritisk til at dette ikkje blir gjort, og oppmodar bransjen til å gjere det.

– Dette går ikkje på tryggleiken ved produktet, men for forbrukaren er det relevant informasjon, seier han.

– Innfrysingsdatoen på ei vare har betydning for kvalitet, og for forbrukar er det nyttig og viktig å vite kva ein kjøper, seier Instefjord.

– Fullverdig mat

Geir Egil Roksvåg, dagleg leiar ved Nordfjord Kjøtt, ønskjer ikkje å kommentere saka på radio, men svarer dette i ein e-post:

Dette lammekjøttet er godt, frosset lam fra Island, og som er tydelig merket foran på pakningen om land, at det er fryst og 'best før-dato'. Ettersom vi ikke har nok norsk lam, ble det et godt alternativ med lam fra Island, og frossent kjøtt vet de fleste at er fullverdig mat som holder i et par år før det forringer seg.

Geir Egil Roksvåg, Nordfjord Kjøtt

Glad for at regelverket blir endra

Nordfjord Kjøtt brukar også norsk lammekjøt av sauer slakta no i haust i produksjonen av årets pinnekjøt.

Instefjord i Forbrukarrådet er på si side glad for at regelverket snart blir innskjerpa. Då vil forbrukarane få nøyaktig informasjon om kor gammalt kjøtet er.

– Ein får snart ei ny forskrift der produsentane blir pålagde å oppgje innfrysingsdato på frosne varer.