Hopp til innhold

Berga seg sjølve etter å ha site fast midt på vatnet i fleire timar

Då John Molland og dei sju andre om bord vart sitjande fast 150 meter ute på Veitastrondvatnet forstod dei fort at dei var nøydde til å redde seg sjølve.

John Molland og luftputebåten

TOK DET MED RO: John Molland og dei sju om bord beheldt roa då dei sat fast på Veitastrondvatnet.

Foto: privat

– Vi forstod ganske fort at det ikkje ville vere lett for nokon andre å berge oss, for vegen mellom Hafslo og Veitastrond var stengd av mange, mange ras, fortel Molland.

Han og broren Konrad, som står for drifta av luftputebåten, hadde vore ute ein prøvetur tidlegare på ettermiddagen, for å teste tilhøva.

– Og det gjekk fint, det. Då vi kom tilbake var det nokon som var utestengde og som trengde hjelp for å komme seg inn att. Så vi tok med tre vaksne og tre born, fortel Molland.

Sat fast i snø og vatn

Turen gjekk fint i starten, men så kom dei til eit parti på vatnet der det var snø og vatn, og ikkje is.

– Dermed stod vi fast. Men etter ei stund klarte vi å snu og køyre tilbake der det var is, fortel Molland.

I mellomtida var naudetatane varsla, og brannmannskap frå Sogndal var på veg for å hjelpe.

Men Molland hadde små von om hjelp, for luftputebåten stod fast like ved Kvam, og utan vegsamband til Hafslo, skulle det noko til for å få hjelpa der ho skulle.

– Vi konkluderte med at problemet skuldast at vi var for mange i båten, slik at vi rett og slett var for tunge. Så då vi kom oss tilbake til der det var is, tok eg og Konrad og batt oss i hop med tau, og så gjekk vi mot land for å sjekke isen, fortel Molland.

Gjekk på isen mot land

I svarte natta medan snødrevet stod rundt dei, kava dei seg mot land, og konstaterte at isen bar.

– Då gjekk vi tilbake, og så henta vi to til som vi følgde til land. Sidan køyrde vi båten inn mot land, fortel Molland.

Men dramatikken var ikkje over for det. Luftputebåten hadde fint lite drivstoff etter kavinga på vatnet, dei valde difor å køyre strake vegen inn mot land, kortaste ruta.

Planen var så å bli henta med traktor og bil for å bli skyssa heim til Veitastrond.

(Artikkelen held fram under biletet)

Luftputebåten i Veitastrond

SOMMARSTID: Slik ser luftputebåten ut.

Foto: Kjell Arvid Stølen

Rasa medan dei henta resten

– Men på den tida det tok for oss å gå tilbake til båten, og så få båten til land, så hadde det gått eit nytt ras mellom oss og Veitastrond, fortel Molland.

Dermed måtte tre born og fem vaksne ta føtene fatt og tråkke seg over eit ras på minst 60 meter for å komme seg heim.

– Det seier litt om kor små marginar det er her. Ein bør ikkje tenkje for mykje på det, seier Molland, som prisar seg lukkeleg over at det gjekk så bra som det gjorde.

Er ikkje berre, berre ...

– Dette gjekk veldig bra. Vi var godt kledde, og vi er vane til litt av kvart. Men det seier noko om kor krevjande forhold det er her. Det er ikkje berre å knipse for å få nokon til å berge oss, for tilhøva er ofte slik at det rett og slett ikkje let seg gjere, seier Molland.

Han karakteriserer stemninga som god, sjølv om gjengen i luftputebåten truleg streva i fleire timar før ting løyste seg.

– Vi såg vel ikkje på klokka nokon av oss. Men eg trur vi drog ned i 15-tida, så litt tid gjekk det nok. Ungane vart nok litt skremde, men dei roa seg fort, for foreldra var jo med, seier Molland.