Hopp til innhold

Krev meir rassikring i Veitastrond

– Dette er livsfarleg, rett og slett, seier Asbjørn Nes i Veitastrond etter at det natt til laurdag gjekk eit kjempestort skred i Veitastrond.

Snøskred i Veitastrond
Foto: John Molland / NRK

Han er leiar i den lokale rassikringsnemnda i den vesle bygda i Luster. Skredet i natt var 300-400 meter breitt og sperrar vegen. No krev han at noko blir gjort.

Nokre parti skal sikrast

Dei siste åra har det rasa mange gonger på den tre mil lange vegen til Hafslo, for her er mange rasutsette stader. Sist raset kom i denne størrelsen var bygda innesperra i ei veke.

Det finns allereie ein røyrtunnel på ein del av strekninga og 3-4 andre rasutsette stader ligg inne på ei prioriteringsliste.

– Dette har fylkestinget prioritet og arbeidet skal starte opp neste år.

Krev handling

Men området der det rasa i dag er ikkje med på denne lista. Nes arbeidar for å få også sikra dette partiet av vegen.

– Det som er spesielt er at tidlegare har dette blitt rekna som eit 10-årsskred, men som no nesten har blitt årviss.

Vegen til Veitastrond blir truleg stengd fleire dagar. Dei 120 innbyggjarane kjem seg inn og ut av bygda ved hjelp av ein luftputebåt som var kjøpt for nokre år sidan.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.