Hopp til innhold

Veitastrond framleis innesperra

Ein luftputebåt er no den einaste kontakten innbyggjarane på Veitastrond har med omverda. Men folk ser ikkje heilsvart på ting av den grunn.

- Vi er eit beinhardt folkeslag, ler John Molland som er leiar av bygdelaget.

Han er ein av dei 120 innbyggjarane i den vesle bygda Veitastrond i Luster som har vore utan vegforbindelse sidan helga.

Innesperra av kjemperas

Eit 300 meter breitt snøskred stengde då vegen inn til bygda.

Søndag gjorde kraftig snøvêr til at heller ikkje luftputebåten kunne frakte folk til og frå. I nokre timar var innbyggjarane totalt isolerte.

Men måndag er luftputebåten igjen i bruk. Ein del av dei som bur i bygda har flytta vekk fram til vegen igjen er opna.

- Dei har funne seg andre plassar å bu så lenge, slik at dei slepp å pendle når ting er slik som det er, fortel Molland.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Innesperra av ras i Veitastrond

Krev at vegen vert sikra

For dei som er att i bygda går kvardagen sin daglege gang. Store mengder snø har lagt seg både på tak og på marka. Og det går mykje tid med til å måke snø.

- Du ser på biletet kor mykje snø her er. Eg står rett att med merket som viser 185 centimeter. Så det er litt snø ja, seier Molland.

Det er likevel også alvor for innbyggjarane på Veitastrond at vegen igjen er stengd av ras.

Utladalen der skredet gjekk i helga er ikkje omfatta av dagens planar for sikring. No krev dei at noko vert gjort.

- Det er store konsekvensar når dette skjer. Vi kan ikkje leve med det lenger, seier Asbjørn Nes som er leiar av rassikringsgruppa på Veitastrond.