Skredet kom i Utledalen og var mellom 300 og 400 meter breitt. Dermed måtte dei bruke ein luftputebåt til å komme seg ut av bygda.
Enorme mengder snø
Men i natt har det snødd mykje og dei tør ikkje ta sjansen på bruke luftputebåten i dag.
– Vi har fått over 40 centimeter snø i natt. Det er heilt enorme mengder og tjukke snøkave. Vi kan ikkje bruke luftputebåten før snøen har sett seg, for vi er redd den skal stoppe i all snøen, seier Kjell Egil Nes.
(Artikkelen held fram under biletet)
Fryktar alvorlege konsekvensar
Han er ein av dei som brøytar vegen til vanleg, men kan ikkje byrje å rydde raset på nokre dagar enno. Han veit heller ikkje om det har kome nye ras i løpet av natta.
Isolasjonen til dei 120 innbyggjaranehar ikkje fått alvorlege konsekvensar enno. Men Nes er uroa for om det er flygever for luftambulanen om noko skulle skje.
– Det snøar tett i periodar her.
AMK ved Førde sentralsjukehus seier at dei prøver å sende luftambulanen inn om noko skulle skje. Men er det ikkje flygever, så er Røde Kors i beredskap med snøscooter.
Fleire etatar har i dag møte for å drøfte beredskapen i Veitastrond.
- LES OGSÅ:
Måtte tømme ut all mjølka
I dag har han og omlag 10 bønder måtta tømme ut all mjølka som skulle vore henta i dag.
– Eg har tappa ut 1500 liter, og vi får neppe levert på onsdag heller.
Nes seier at vermeldingane for dei neste dagane er dårlege.
– Vi trur det kan komme nye ras og så lenge det er rasfare kan vi ikkje rydde det store raset som allereie har kome.