Hopp til innhold

Vart funnen skuldig i bildrap

Ein mann i 30-åra er dømd til fengsel i 60 dagar for aktlaust bildrap etter dødsulukka i Amlatunnelen i oktober 2010.

Dødsulykke i Amlatunnelen

DØDSULUKKE: Ei 52 år gamal kvinne hadde ikkje mogelegheit til å unngå kollisjonen i Amlatunnelen for to år sidan. No er ein mann dømd for aktlaust bildrap.

Foto: Sondre Evenstad Dalaker

Fullbyrdinga av 30 dagar av straffa blir utsett med ei prøvetid på to år. Mannen vert også fråteken førarkortet i tre år.

Ei 52 år gamal kvinne omkom då bilen mannen førde kom over i feil køyrefelt og frontkolliderte . Retten la til grunn at mannen, som har hatt diabetes 1 i mange år, fekk eit alvorleg tilfelle av føling, med nedsett bevisstheit. I tillegg må mannen betale 255.000 kroner i erstatning til den omkomne sine etterlatne.

– Det er ein god, rett, grundig og klar dom. Den illustrerer tydeleg det ansvar som kvar einskild bilførar har til å forsikre seg om at ein er skikka til å køyre bil, seier familien sin advokat, Maria Kirkeeide Ravnå.

– Ikkje skuldig

Ole Petter Grythe Hoff

FORSVARAR: Ole-Petter Grythe Hoff.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Forsvarar Ole-Petter Grythe Hoff seier han så vidt har gått igjennom domen, og at hans klient er klar på at han vil anke den.

– Eg meiner det er ein uriktig dom. Eg meiner grunnlaget for domfelling ikkje er til stades og at han burde vore frifunnen. Dette er noko eg vil kome attende til når eg skriv anken til lagmannsretten og i ei eventuell ankerunde, seier han.

– Familien var budd på at saka vil bli anka. Det har vore ei stor belastning at saka har vart over så lang tid, og er tungt for dei at det blir ein ny rettsprosess, seier Kirkeeide Ravnå.

Fleire følingar

Mannen erkjende seg ikkje skuldig då saka gjekk i Sogn tingrett. Det vart ført 16 vitne, i tillegg til ein rettsoppnemnd sakkunnig. Retten presiserte at saka gjekk på om mannen var skikka til å føre motorvogn.

For retten fortalde mannen at han normalt har eitt årleg tilfelle med føling, der han treng hjelp. I tillegg har han ein til to gonger i veka mildare tilfelle, der han kan tenkje og handle rasjonelt.

Under saka vart det ført fleire vitne som meinte at mannen det siste halvåret før ulukka hadde fleire tilfelle av føling. Det vart også fortalt om enkelte alvorlege tilfelle med føling tidlegare år.

Fornya helseattest

Mannen fekk fornya helseattesten sin berre åtte månader før ulukka.

Då ikkje kryssa av på eigenerklæringa at han hadde hatt føling berre to veker tidlegare. Ved dette tilfelle måtte mannen ha hjelp frå kollegaer. Han orienterte heller ikkje legen om det. Sjølv hevda han at det aktuelle tilfellet ikkje var så alvorleg.

Forsvarar Grythe Hoff stadfestar at dette er eit av punkta som han vil påpeike i anken til Gulating.

Kjøpte mat på ferja

Under den aktuelle køyreturen hadde ikkje mannen med seg apparat for å måle blodsukkeret. Han fortalde at strategien for å unngå føling på slike turar, var å ikkje ta insulin etter lunsj, men å ete både før og under køyreturen.

Det gjorde mannen også den fatale oktoberkvelden for to år sidan.

Det siste han hugsar før ulukka, var at han kjøpte seg pølse og sjokolade på ferja. Han hugsar ikkje at han åt dette.

Umogeleg å unngå

Vitne skildra mannen som utålmodig då ferja la til kai, og bilane skulle køyre av. Køyringa var vinglete og på veg inn i tunnelen køyrde han mellom anna ned eit skilt og var borti betongkanten.

Før samanstøyten med den møtande bilen kring 1100 meter inne i tunnelen, køyrde han forbi ei rekkje bilar.

Kvinna i den møtande bilen hadde ikkje mogelegheit til å unngå ulukka og omkom på staden av skadane.

– Bagatelliserer fælingane

Sogn tingrett meinte mannen ikkje burde hatt førarkort på grunn av risikoen med følingar.

Retten meinte at mannen over tid har ført motorvogn utan å oppfylle helsekrava i førarkortforskrifta.

– Retten har inntrykk av at han bagatelliserer fælingane og at han prøver å bortforklare dei, skriv dommarfullmektig Lars Varden i straffutmålinga og viser mellom anna til at mannen ikkje fortalde legen sin, eller i helseerklæringa, om fælingane han hadde hatt. Retten kom til at mannen handla aktlaust og tok ein bevisst risiko som kunne medføre alvorlege trafikkulukker.

Burde målt blodsukkeret

Retten presiserte at tillit til at eigenerklæringane blir fylt rett ut, og at legen blir informert om følingstilfelle, ligg til grunn for helseattesten.

Maria Kirkeeide Ravnå

STØTTEADVOKAT: Maria Kirkeeide Ravnå.

Foto: NRK

Det vart også vist til at mannen burde målt blodsukkeret minst ein gong under den kring fire timar lange køyreturen.

– Det tykkjer eg er eit særskilt viktig poeng. Hadde han målt det, så hadde han oppdaga at blodsukkeret var for lågt. Og då hadde truleg ulukka ikkje skjedd, seier Kirkeeide Ravnå.

Familien letta

I formildande retning la retten vekt på at det har gått over to år frå ulukka skjedde, til domen vart avsagt. Dette medførte at ein del av straffa blir på vilkår.

Domen er i samsvar med påstanden frå påtalemakta.

– Familien er sjølvsagt veldig letta over avgjerda. I ein elles vanskeleg situasjon har det mykje å seie at ansvaret er plassert der dei meiner det høyrer heime, seier Kirkeeide Ravnå.

Var spent på ansvarsforhold

Før domen fall, var støtteadvokaten spent på kva retten ville seie om kvar enkelte sitt ansvar for å følgje opp eigen sjukdom.

– Denne saka viser kor viktig det er at kvar einskild tek ansvar for eigen sjukdom og rapporterer og informerer om viktige forhold. Systemet er lagt opp rett med tanke på at ein skal rapportere om alvorlege forhold, men det avheng av at ein pasient opplyser til legen om dei faktiske forhold, avsluttar ho.