Hopp til innhold

Diabetesforbundet reagerer på tiltalen etter dødsulukke

Diabetesforbundet reagerer på at påtalemakta har tatt ut tiltale for aktlaust drap etter dødsulukka i Amlatunnelen i Sogndal for to år sidan.

Dødsulykke i Amlatunnelen

KVINNE OMKOM: To bilar kolliderte front mot front i Amlatunnelen. Ei kvinne omkom i ulukka.

Foto: Sondre Evenstad Dalaker

Etter ulukka kom det fram at den tiltalte har diabetes. Rett før ulykka skal han ha fått eit anfall av føling.

Forbundsleiar Sindre Børke, meiner at personar med diabetes ikkje alltid kan lastas for at dei får lågt blodsukker og føling.

– Men eg tenkjer først på at det er ei tragisk ulukke, både for dei som blir ramma og den som gjer det, seier han.

Mistar grepet om blodsukkeret

Det var i oktober 2010 at bilføraren kom over i motgåande køyrefelt i Amlatunnelen i Sogndal og kolliderte med ein møtande bil. Ei 52 år gamma kvinne omkom i ulukka. Bilføraren blei hardt skadd i ulukka.

Like etter ulukka kom det fram at mannen har diabetes og at han mest truleg hadde eit anfall av det som vert kalla føling. No er mannen tiltalt for aktlaust drap.

– I nokre få tilfelle vil eg ha forståing for ein slik tiltale, men i dei aller fleste tilfella er dette ein sjukdom der ein mister grepet om blodsukkeret. Dette kan skje medan ein køyer, men også i forkant. Då blir ein uoppmerksam, men ikkje aktlaus i den forstand ein snakkar om her.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dødsulykke i Amlatunnelen

TILTALT: Ein mann er no tiltalt for aktlaust drap etter dødsulukka.

Foto: Sondre Evenstad Dalaker

– Ein balansegang

I 2007 blei ein mann i Nordfjord dømd til 60 dagar fengsel på vilkår etter ein køyretur som enda i ei dødsulukke. Den gong tok ikkje påtalemakta ut tiltale for uaktsamt bildrap, men meinte mannen i 20-åra sjølv burde forstått at han ikkje var i stand til å køyre bil.

Børke forstår at det blir stilt spørsmål om personar med diabetes bør ha førarkort.

– Ja, det er ein balansegang. Vi må ha ein eigen helseattest for å få lov til å køyre. Vi må også fornye førarkortet oftare enn andre, med nye helseattestar for å sjå om ein framleis er skikka til å køyre bil. For det kan vere periodar der ein kanskje ikkje er skikka til å køyre bil.

Aktor Lisa Førde Refsnes, seier tiltalen enno ikkje er formelt forkynt for den tiltalte, og at ho difor ikkje kan kommentere saka.