Ein mann i 30-åra er alvorleg skadd og er frakta til Haukeland sjukehus i Bergen med luftambulanse.
Det opplyser skadestadsleiar Asle Karoliussen ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.no.
Front mot front
- Ein varebil og ein personbil kolliderte front mot front. To personar sat fastklemde, og den eine er stadfesta omkomen, fortalde reporter Sondre Evenstad Dalaker, som var på staden kort tid etter at det small.
Dalaker snakka like etter klokka 22.30 med vakthavande kommunelege på staden:
– Ifølgje legen har to bilar kome mot kvarandre i stor fart og frontkollidert.
Ein person er omkomen, ein annan er hardt skadd, seier han.
(Artikkelen held fram under biletet)
Dalaker rapporterte om fleire ambulansar på staden, fleire luftambulansar, redningsbilar og politi.
– Politiet fekk melding om ulukka klokka 21.39, opplyser operasjonsleiar Per Rimmen i Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.no.
Kom over i feil køyrefelt
– Det eine køyretyet har kome over i feil køyrefelt inne i tunnelen, men det er for tidleg å konkludere med årsaka til ulukka, seier Karoliussen.
Han vil heller ikkje seie noko om det var snakk om stor fart.
Amlatunnelen på riksvei 5 i Sogndal er 2.969 meter lang og går mellom Mannheller og Kaupanger. Det var lange køyar på staden etter ulykka, men klokka 23.30 vart vegen opna med manuell dirigering.