Hopp til innhold

To år frå ulukke til rettssak - familien forstår ikkje tidsbruken

Familien til kvinna som miste livet etter ein kollisjon i Amlatunnelen hausten 2010, forstår ikkje kvifor det har teke så lang tid før det vart teke ut tiltale. No bur dei seg på ein tøff haust.

Dødsulykke i Amlatunnelen

OMKOM: Ei 52 år gamal kvinne omkom etter frontkollisjonen i Amlatunnelen i oktober for snart to år sidan.

Foto: Sondre Evenstad Dalaker

– Eg kan ikkje fatte kvifor og kjenner at no kjem dei tunge kjenslene attende med full tyngde. Det vert ein tøff haust, seier Asbjørn Høuym til Sogn Avis.

Han miste kona si og dei tre sønene mora si i ulukka i Amlatunnelen på Kaupanger den 7. oktober for snart to år sidan. Sist veke vart det kjent at det er teke ut tiltale mot mannen som forårsaka dødsulukka.

Familien seier til Sogn Avis at dei stiller seg undrande til tidsbruken og at det at det har teke så lang tid har vore ei stor ekstrabelastning.

Tiltalt for aktlaust drap

Kari Grinnbo Høyum var på veg til ferjekaien på Mannheller for å hente den eine sonen sin då ulukka skjedde, skriv avisa. Ein møtande bil kom over i motgåande køyrefelt og krasja rett inn i bilen til Grinnbo Høyum. Kvinna omkom momentant, medan føraren av den andre bilen vart hardt skadd.

Kort tid etter ulukka kom det fram at mannen har diabetes og at han mest truleg hadde eit anfall av det som er kalla føling i forkant av ulukka. Etterforskinga av saka har teke lang tid, men sist veke vart det klart at mannen er tiltalt for aktlaust drap etter dødsulukka.

Forsvararen til mannen, Ole-Petter Grythe Hoff, vil overfor Sogn Avis ikkje kommentere tiltalen eller om klienten hans vedgår straffskuld. Han meiner det uansett er ei spesiell sak som er tragisk for familiane på begge sider.

Vanskeleg for familien

For Asbjørn Høyum og sønene har det vore ei tøff tid. At det har teke så lang tid før det har blitt teke ut tiltalte har forverra det heile. Til Sogn Avis seier Høyum at han ikkje kan sjå nokon rimeleg grunn til at det har trekt så langt ut i tid.

Saka kjem for retten i november, over to år etter ulukka.

– Det seier seg sjølv at det er ei stor påkjenning for alle å måtte gjennom ei rettssak og dermed starta sorgprosessen på nytt, seier enkemannen til avisa.

Samtidig er det viktig for familien at det har blitt teke ut tiltale mot bilføraren.

Beklagar den lange tidsbruken

Politibetjent Erik Skjerdal ved Sogndal lensmannskontor synst det er beklageleg at det har teke så lang tid frå ulukka og fram til det var teke ut tiltale.

Til Sogn Avis seier han at dette skuldast fleire uheldige omstende. Mellom anna tok det lang tid før politiet kunne avhøyre bilføraren som kom over i feil køyrefelt. Seinare har det også teke tid å få bistand frå politiet i Bergen i samband med avhøyr i saka, seier Skjerdal til avisa.