Måndag grubla vi over spørsmålet om
i sin karriere. viste 41, sjølv meiner ho at ho har 42.Og Bente tok innersvingen på FIS, viste det seg. Det var VGs statistikk-ekspert Geir Juva som fann løysinga:
I prøve-OL i Soldier Hollow i USA i januar 2001 vann Bente Skari sprinten. Men i FIS sine lister har denne falle ut - berre kvalifiseringa er med, og der vart Skari nummer fire. Derfor er ikkje sigeren med blant dei 41 som FIS opererer med.
Marit treng ein siger til
Denne stadfestinga har også ei anna side:
Marit Bjørgen har dermed enno ikkje tangert Bente Skari. Bjørgen tok sin v-cup-siger nummer 40 og 41 i Davos sist helg. Det var også Bjørgens 8. og 9. på rad.
Video: - Eg vil slå Bjørn Dæhlie, seier Marit Bjørgen
Rekord-tangeringar i helga?
På 15-kilometeren i fri teknikk i sveitsiske i Clusaz komande laurdag kan Marit Bjørgen tangere Skari i begge rekordane. Skari har nemleg også rekorden med ti verdscupsigrar på rad vinteren 2002-2003.
Men ho kan ikkje slå rekorden før på nyåret. Søndag er det stafett i La Clusaz, og Bjørgen skal ikkje gå Tour de Ski. Først i sprintrennet i Liberec 15. januar kan ho stå med rekorden åleine.
Då er det heller ikkje langt til Bjørn Dæhlies 46 v-cup-sigrar.
Og kan ein eventuell rekord i tal på sigrar på rad reknast, ettersom ho ikkje stiller i Tour de Ski? Diskuter!