Hopp til innhold

Sverige reduserer trafikkdøden

Ulukkestala på svenske vegar går ned medan dei stig i Noreg.

Midtdelere er vanlig i Sverige

Sverige tok i bruk 300 kilometer veg med midtdelarar i fjor.

Foto: colourbox.com

Direktør i Trygg Trafikk, Kari Sandberg

Direktør Kari Sandberg i Trygg Trafikk meiner Noreg bør lære av svenske trafikktryggleikstiltak.

Sverige hadde i fjor det lågaste dødstalet i trafikken i sidan 1945.

Medan talet på omkomne på norske vegar steig med om lag 10 prosent frå 2007 til 2008, gjekk tilsvarande tal 10 prosent ned i nabolandet vårt.

- Politikarane har skulda

Direktør Kari Sandberg i Trygg Trafikk er ikkje i tvil om kvifor utviklinga går rette vegen i Sverige.

- Politikarane i Sverige gjorde eit bevisst val for rundt 30 år sidan om å satse på utbygging av vegar. Ei tilsvarande satsing har vore mangelvare i Noreg, seier ho til nrknyheter.no.

420 personar mista livet på svenske vegar i 2008, mot 256 i Noreg. I forhold til folkemengda har Sverige færre ulukker og den nest sikraste trafikken i verda.

I Noreg byrja tragisk då eit tre personar, blant dei eit kjærestepar, døydde i ei trafikkulukke på årets fyrste dag.

Færre råkøyrer

Det svenske Vägvarket forklarar det relativt låge ulukkestalet med omfattande trafikktryggleiksarbeid, i tillegg har fallande økonomi til ein viss grad redusert trafikken på vegane.

I løpet av 2008 tok Sverige i bruk 300 kilometer møtefri veg, kameraovervakinga er utvida og færre bilistar bryt fartsgrensa.

- Sverige har vore veldig gode på trafikktryggleik, dei har gjennomført ei rekkje tiltak for gjere vegane sikrare, seier Sandberg.

Etterlyser fartskontrollar

Når det gjeld geografi, vêr og klima har vegvesenet Sverige ein fordel samanlikna med her i landet.

- Noreg har fleire fjellområde, tronge fjordar og smale vegar. Geografisk og klimatisk sett er det nok litt enklare å byggje og oppretthalde tryggare vegar i Sverige enn i Noreg, påpeikar Sandberg.

Trygg Trafikk-direktøren meiner meir synlegpoliti og fleire kontrollar må til for å redusere ulukkestalet i Noreg.

- Mange køyrer altfor fort fordi risikoen for å bli teken er liten. Det må gjennomførast fleire fartskontrollar, for vi veit at det reduserer talet på ulukker, seier ho.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger