Hopp til innhold

Islendingar krev nordmann fjerna

Nordmannen Bjørn Richard Johansen har fått søkjelyset mot seg på Island. Fleire politikarar krev han fjerna som rådgjevar for statsminister Geir Haarde.

Bjørn Richard Johansen

Bjørn Richard Johansen har bygd opp eit apparat for krisehandtering for Island sin statsminsiter.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Johansen, som er frå Bærum, har i fleire veker vore rådgjevar for Haarde.

Det er bakgrunnen til nordmannen som gjer situasjonen spesiell. I fleire år har han vore kommunikasjonsdirektør for den lenge konkurstrua Glitnir bank.

Krisehandtering

Geir Haarde

Islands statsminister Geir Haarde.

Foto: KELD NAVNTOFT / AFP

- Eg vart spurd for nokre veker sidan om eg kunne hjelpe til med å byggje opp ei krise- og beredskapsavdeling på Island. Eg har møtt Haarde ved fleire høve, sidan eg har arbeidt i Glitnir i tre og. Då eg vart spurd om å trå til, synst eg at eg måtte setje mi ære i å prøve å hjelpe til.

Bjørn Richard Johansen tek imot NRK Her & Nå og byr på kaffi frå kontorplassen på statsministeren sitt kontor i Laugavegur i Reykjavik.

Huset som ligg like ved hamna i hovudstaden, er vand med hauststormar. Denne hausten har det blåse ekstra kraftig på Island. Johansen har vore mannen som har trekt i trådane for statsministeren.

- Eg har fartstid frå NATO og er godt røynd med å drive krisehandtering. Eg har bygd opp eit apparat for å kunne handtere denne krisa på best mogeleg måte.

-Vi har nok av slike

Nordmannen sin entré i kontoret til statsministeren har derimot fått stor merksemd.

Fyrst den siste veka har islendingane fått vite kvifor nordmannen er henta inn.

Statskanalen RUV sendte fredag ein reportasje der Johansen vart nemnd.

Steingrimur Johan Sigfusson er leiar av Venstri Grinni, SV sitt systerparti på Island. Han sit i opposisjonen på Alltinget og meiner situasjonen er svært beklageleg.

- Eg trudde det var ein spøk då eg høyrde om dette. Har vi ikkje nok av slike finansfolk her i landet, spør Steingrimur Johan.

Nestleiar av partiet Liberale, Magnus Thor Hafsteinsson er og kritisk til nordmannen. Han krev no å få vite kor mykje regjeringa har betalt for å hente inn Johansen

- Det er uhøyrt at slikt skal skje. Eg fattar ikkje kva ein tenkjer med.

- Eg er koordinator

Bjørn Richard Johansen bur på Snarøya i Bærum. Han har denne hausten pendla mellom Noreg og Island. Han avviser kritikken.

- Eg lar råda til statsministeren gå gjennom den politiske leiinga. Mi rolle er å vere ein koordinator for krise og beredskap. Eg prøver å gjere det beste ut av det.

- Men blandar du ikkje rollene her?

- Det er sikkert nokre problem med den type roller. Likevel i ei krise må ein berre vere fleksibel og tenke alternativt. Så får ettertida vurdere om det var klokt eller ikkje

Steingrimur Johan i Venstre Grinni vil ha Johansen fjerna så raskt som råd.

- Om eg og mitt parti kjem inn i regjeringa nokon gong, vert han i alle fall aldri min rådgjevar.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger