Hopp til innhold

Vil utvida elitelinje-suksess

Unge grasiøse talent vert dyrka fram ved den einaste elitelinja for ballett på ungdomsskulenivå i Noreg. No ønskjer byråden i Oslo elitelinjer for fleire fag i grunnskulen.

Video Vil ha fleire eliteskular

Famlande piruettar har blitt til grasiøst utførte posisjonar ved ballettlinja på Ruseløkka ungdomskule. Byråden i Oslo vil oppretta liknande elitelinjer for musikk, språk- og realfag.

I samband med Operaen sin ballettskule, vart det for tre år sidan starta opp eit eige elitetilbod til unge talent ved Ruseløkka ungdomsskule.

Om få månader går den første avgangsklassen ut frå ballettlinja. Dansing i skuletida har gjeve resultat, for i dag fekk fleire av ballettspirene beskjed om at dei har fått plass på ballettlinja til Kunsthøgskulen i Oslo.

– Det har vore flott å få denne moglegheita til å kunne danse og gå på skule samla, seier Emmeline Jansen.

Vil ha fleire elitelinjer

Ballettskulesjef Knut Breder

Ballettskulesjefen ved Den Norske Opera og Ballett, Knut Breder.

Foto: NRK

Også ballettskulesjef ved Den Norske Opera og Ballett, Knut Breder, er nøgd med resultata frå eliteprosjektet på Ruseløkka skule.

– Det er ei anerkjenning av det tilbodet me no har etablert, og viser at elitelinja er liv laga, seier Breder.

Tilbodet ved Ruseløkka var skulebyråd Torger Ødegaard (H) sitt første eliteskuleprosjekt.

I opplæringslova (§8-2) heiter det at organiseringa av elevar «..ikkje skal skje etter fagleg nivå, kjønn eller etnisk tilhør..». Men i mai 2009 gjorde dåverande kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell unntak for ballettundervisninga ved Ruseløkka skule.

No varslar skulebyråd Ødegaard at kommunen vil satsa breiare på unge talent i grunnskulen.

– Allereie til hausten kjem ei eiga musikksatsing frå femte trinn for elevar som har eit særleg talent innføre musikk på Majorstua skule, fortel Ødegaard.

Unge ballettspirer ved Ruseløkka skule i Oslo

Etter tre år med terping ved Ruseløkka ungdomsskule i Oslo, har fleire unge ballettspirer no fått direkte innpass på ballettlinja til Kunsthøgskulen i Oslo.

Foto: NRK

Kulturministeren er todelt

Video Anniken Huitfeldt om Nasjonalmuseet

Kulturminister Anniken Huitfeldt (AP).

Foto: Nyhetsspiller

I tillegg ønskjer byråden å gje spesielle tilbod til talentfulle elevar innanfor real- og språkfag. Men det tykkjer regjeringa er å trekkja det for langt.

– Innanfor nokre kunstartar der det vert stilt store krav til tekniske ferdigheiter, er eg for ei tidleg spesialisering, seier kulturminister Anniken Huitfeldt (Ap).

Ho viser til ballettdansing og fiolinspeling som døme på slike særs krevjande kunstformer. Eit utbreitt elitelinje-tilbod i grunnskulen er kulturministeren derimot negativ til.

– Eg trur me får fram dei beste talenta gjennom sein spesialisering, seier Huitfeldt.

– Sortering slår feil ut

Statssekretær Lisbet Rugtvedt

Lisbet Rugtvedt (SV) er statssekretær i Kunnskapsdepartementet.

Foto: Kunnskapsdepartementet

Regjeringspartiet SV har for lengst posisjonert seg som ein sterk motstandar av eliteskular i Noreg. Byråden sitt forslag om å utvida elitetilbodet til real- og språkfag får strykkarakter av statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Lisbet Rugtvedt (SV).

– Å permanent sortera elevar etter evner og interesser vil truleg slå feil ut ved at elevane lærer mindre enn det dei elles ville ha gjort, meiner Rugtvedt.

– Då bør me heller sjå etter andre måtar å variera og tilpassa undervisninga slik at elevane sine talent og interesser vert tekne på alvor, legg statssekretæren til

Ballettelev ved Ruseløkka skule i Oslo

Ein ballettelev ved Ruseløkka skule i Oslo.

Foto: NRK

AKTUELT NÅ