Hopp til innhold

UDI: Egyptarar strøymer til Noreg etter jobb-bløff

Dei har betalt dyrt for ein «pakketur» til Noreg med lovnader om opphald og jobb, men kjem til stengde dører. Talet på asylsøkjarar frå Egypt og Libanon som skal ha blitt svindla av «reisebyrå» aukar kraftig.

Asylsøkjarar kjem til Noreg over Storskog grensestasjon

I løpet av oktober og november har talet på asylsøkjarar frå Egypt og Libanon over grensestasjonen på Storskog auka kraftig. Eit fleirtal skal ha blitt bløffa av menneskesmuglarar.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Medan det no kjem færre asylsøkjarar frå Syria og Afghanistan, har talet på asylantar frå Egypt og Libanon auka kraftig i løpet av hausten (sjå tabellen under).

Av dei nær 360 egyptiske og libanesiske asylsøkjarane som har kome til Noreg via Russland hittil i år, meiner Utlendingsdirektoratet (UDI) at brorparten har blitt lurte av reisebyrå i heimlanda.

– Dei fortel oss at dei har kjøpt ein slags pakketur som inneheld ei reise til Noreg og lovnader om å få arbeid her, seier områdeleiar Kirsten Myhre i Asylavdelinga i UDI.

Realiteten som møter dei her, er ikkje på langt nær så roseraud.

Registrerte asylsøkjarar over Storskog frå Egypt og Libanon i 2015

jan. tom. sept.

okt. - 22.nov.

Totalt (tom 22.nov.)

Egypt

0

277

277

Libanon

5

72

77

– Blir forbanna og vonbrotne

Egyptarar og libanesarar får som regel avslag på asylsøknadene sine fordi dei ikkje blir vurdert å ha eit reelt vernebehov.

– Eg vil tru dei blir ganske forbanna og vonbrotne. Dei må reisa heim med langt mindre pengar enn dei hadde og står på bar bakke. Det er forferdeleg synd at einskilde utnyttar svake menneske sin lengt etter eit betre liv, seier Myhre i UDI.

For asylsøkjarane finst det eit spekter av ulike tenester til ulik pris og med ulik risiko. Ei pakkeløysing med transport frå A til Å og falske dokument er det dyraste alternativet.

– Når folk blir lurte inn i ei dyr reise og feilinformerte om kva dei har i vente, er det eit stort problem. Det kostar dei og familiane deira mykje. Dei kan ha teke opp store lån for å finansiera det, dei utset seg for fare undervegs og dei belastar mottakssystemet her i Noreg unødvendig, seier migrasjonsforskar Jørgen Carling ved fredsforskingsinstituttet PRIO.

Vurderer informasjonskampanjar

Migrasjonsforskar Jørgen Carling i PRIO

Det er ikkje uvanleg at menneskesmuglarar sel pakketurar basert på feilinformasjon om kor lett det er å innvilga asyl i eit land, fortel migrasjonsforskar Jørgen Carling i PRIO.

Foto: Julie Lunde Lillesæter / PRIO

At asylsøkjarar blir svindla og kjøper pakketurar basert på feilinformasjon er likevel ikkje noko nytt, ifølgje Carling.

Dei to reisebyråa som skal ha lokka egyptarar og libanesarar til Noreg, ligg ifølgje UDI i Al Gharbiyah-provinsen nord i Egypt og i Tripoli i Libanon.

NRK har ikkje lukkast i å oppnå kontakt med dei to aktørane.

UDI vurderer no å starta opp informasjonskampanjar i begge desse landa for å hindra at folk betalar dyrt for ein bomtur til Noreg.

Ifølgje migrasjonsforskar Carling er det uvisst kor effektive denne typen tiltak er.

– Det er ein informasjonskrig der ute, der menneskesmuglarar marknadsfører tenestene sine med garantiar om trygg framkomst og arbeid, medan europeiske styresmakter på den andre sida seier det motsette og delvis i dei same kanalane, til dømes på Facebook. Dei har ulike interesser og folk kan bli skeptiske til begge delar.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger