Hopp til innhold

Russisk etterretning prøvde å verve moldvarpar inn i PST

Politiets tryggingsteneste (PST) har den siste tida fleire døme på at russisk etterretning forsøker å rekruttere etniske nordmenn og russarar til å søkje jobbar hos dei for å spionere.

Russisk etterretning har forsøkt å plassere moldvarpar i PST

– Ein kan aldri vere 100 prosent sikker, men vi trur ikkje russisk etterretning har lukkast med dette, seier Arne Christian Haugstøyl, som er leiar i kontraetterretninga i Politiets tryggingsteneste. Han jobbar med å avsløre spionar i Noreg.

For Russland er det viktig å vite kva PST veit om russiske metodar. Difor har russisk etterretning forsøkt å plassere folk internt i PST, som skulle rapportere tilbake til dei, ein sokalla moldvarp.

Det stadfestar PST til NRK.

Russland har prøvd å få både etniske nordmenn og etniske russarar inn i PST. Forsøka er av relativt ny dato, og har i det siste auka i omfang.

– Noreg er eit attraktivt mål

Kjetil Stormark

Kjetil Stormark meiner at forsøka på russisk etterretningsspionasje bør takast på høgste alvor.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Kjetil Stormark er frilansjournalist og forfattar. Han har i mange år dekka etterretning, forsvars- og tryggleikspolitikk og terror, og har skrive mange bøker om dette. Han seier at Noreg er eit svært attraktivt mål for russisk etterretning.

– Vår geografiske plassering har ein enorm strategisk betydning. I tillegg er Noreg døra inn til store fiskeri og energiressursar i havområda vi kontrollerer.

Russisk etterretning har interesse av å drive blant anna industrispionasje i olje- og gassindustrien, og dei ønsker å få intern informasjon om kva Noreg gjer og kjem til å gjere i nordområda, seier Stormark.

– Men kanskje aller viktigast er det å få informasjon om kva kunnskap Noreg får frå Nato. I yttarste konsekvens kan slik auka spionasjeverksemd mot eit land vere krigsførebuande handlingar. Dette bør ikkje takast lett på, seier Stormark.

Den russiske ambassaden

Russland is ambassade i Noreg. Det er frå her Russland si ettteretningsverksemd mot Noreg vert styrt.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Moldvarpar stadig meir attraktivt som metode

Det å ha moldvarpar på innsida i eit anna land har ifølgje Haugstøyl i PST blitt meir aktuelt som metode.

Det kan også forfattar Kjetil Stormark stadfeste. Han meiner at klimaet i Russland har endra seg, og at dei er villige til å køyre ei kontfrontrerande linje sjølv om det kan koste dei reint politisk.

– Vi veit at russisk etterretning har stor kapasitet og at dei er svært aggressive og pågåande. Dei har nok har informantar, kjelder og tilgang til opplysningar i mykje større grad enn det vi skulle ønske, avsluttar Stormark.

Bygget til PST i Nydalen i Oslo

PST lettar på sløret når det gjeld forholdet til Russland. PST seier dei har avdekka forsøk på å plassere moldvarpar i PST.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger