Hopp til innhold

Jakt på islendingar til Forsvaret

Forsvaret går bevisst inn for å rekruttere unggutar ved islandske vidaregåande skular. – Tvilsamt, seier stortingsrepresentant Hallgeir Langeland frå SV.

Robert Johnsen

Skulesjef ved Forsvarets ingeniørhøgskule seier dei aktivt går inn for å rekruttere islandske ungdomar til skulen.

Foto: Jonas Sætre / NRK

I løpet av dei siste åra har mange islandske statsborgarar tenestegjort ved befalsutdanningane på Jørstadmoen og ved Rena leir. I tillegg har fleire avtent førstegangsteneste i Noreg.

Seks islendingar har vore i krig i Afghanistan - med norsk flagg på skuldra.

Søkjarar kvart år

Skulesjef og oberstløytnant ved Forsvarets ingeniørhøgskule, Roger Johnsen, stadfestar at dei aktivt prøver å rekruttere islendingar til befalsutdanninga. Dei har ved fleire høve hatt folk på Island for å orientere på islandske vidaregåande skular.

– Kva respons har de fått?

– Me har søkjarar kvart einaste år, så det tykkjer eg er ein bra respons.

– Kva er det islendingane har som ikkje norske søkjarar har?

– Dei er flinke studentar og har eit veldig godt grunnlag frå der dei kjem i frå, sidan dei har gått på skule i 4 år. I tillegg er innsatsvilja deira betydeleg, seier Johnsen.

Johnsen skildrar islendingane som svært tilpassingsdyktige, og at det verkar som dei trivst svært bra i det norske forsvaret.

– Kva bør vere hovudmotivasjonen for å søkje hos dykk?

– Ein må ha vilje til å tenestegjere i Forsvaret, det er det viktigaste.

– Bør ein ha eit visst forhold til det landet ein skal tenestegjere for?

– Ja, det bør ein. Absolutt.

– Ser du då nokre problemstilingar ved å la utlendingar gå til krig for Noreg?

– Det er eit politisk spørsmål som det ikkje er opp til meg å svare på.

Skeptisk til rekrutteringa

Hallgeir Langeland

Hallgeir Langeland i SV er skeptisk til at Forsvaret sender islendingar til Afghanistan.

Foto: Stian Lysberg Solum / Scanpix

Stortingsrepresentant Hallgeir Langeland frå SV seier til NRK.no at han ikkje er kjend med omfanget av islendingar i det norske forsvaret. Han er for eit auka nordisk forsvarssamarbeid, men ikkje når målet er å delta i militære operasjonar i Afghanistan.

– Me i SV vil gjerne samarbeide med dei andre nordiske landa, også på denne fronten. Men å sende islendingar til Afghanistan, det var nytt for meg, og det tykkjer eg ikkje er lurt.

Langeland reagerar på at Forsvaret rekrutterar ved islandske vidaregåande skular.

– Om det er slik at norske styresmakter aktivt påverkar islendingar til å kome til Noreg for å nesten bli leigesoldatar i Afghanistan, så tykkjer eg det er å gå for langt.

Langeland seier han vil undersøkje nærare kor stort omfanget er på rekrutteringa, og etter kvart jobbe for å få ein slutt på praksisen.

Finanskrisa ei viktig årsak

Hilmar Haraldsson

Hilmar Haraldsson frå Island har vore i Forsvaret i 8 år, og rekrutterar andre islendingar.

Foto: Jonas Sætre / NRK

Hilmar Haraldsson (29) var ein av dei første blant islendingane frå denne generasjonen som tenestegjer i det norske militæret.

Han kom hit i 2003. No er han løytnant og rekrutteringsoffiser ved Forsvarets ingeniørhøgskule.

Han har ved to forskjellige høve vore på islandske skular for å rekruttere soldatar til befalsutdanninga ved Forsvarets ingeniørhøgskule - første gong i 2004, og seinast i februar i år.

Etter at finanskrisa råka Island hardt, er responsen langt større enn tidlegare.

– Det var mykje meir respons no enn tidlegare. Det kan hende at det har med at folk ønskjer å kome seg vekk frå Island akkurat no. Det kan hende mange er eventyrlyste. Det kan eg ikkje gjette på, men eg merkar mykje større respons.

– Tener ein mykje meir som ingeniørutdanna i det norsk forsvaret enn på Island?

– No i etterkant av finanskrisa er det klart at islendingar som drar til Noreg og jobbar, tener mykje betre enn ingeniørar på Island. Det har mykje med valutakursar å gjere. Men den største fortenesta ein får er erfaringa, understrekar Haraldsson.

Bjarki Kristinsson

Bjarki Kristinsson kom til Forsvaret i 2010, og kan tenkje seg ei karriere i Noreg.

Foto: Jonas Sætre / NRK

Islandske Bjarki Kristinsson (21) ville studert til å ingeniør på Island om han ikkje hadde byrja i det norske forsvaret.

– Her i Noreg har eg ein tryggleik om at eg får jobb etter utdanninga. Etter finanskrisa er det ikkje sikkert at du får den jobben du ønskjer på Island.

– Trur du det er fast jobb som lokkar islendingane til det norske forsvaret?

– Ja, det er nok sikkert. Her treng ein ikkje heile tida tenke på pengar. Dersom du er student på Island treng du kanskje å ha ein ekstra jobb, men det slepp du å tenkje på her. Du kan fokusere på utdanninga, seier Bjarki Kristinsson.

Ettertrakta kompetanse

Islandske elevar er svært ettertrakta for befalsutdanninga ved Jørstadmoen. Noko av grunnen til dette er at islandske elevar har ein vidaregåande skule som varer i fire år, og meir obligatoriske realfag.

Difor stiller islendingane altså sterkt i konkurransen mot dei norske søkjarane.

– Eg var berre gjennomsnittleg god i matematikk samanlikna med dei islandske klassekameratane mine. Men det var nok til at eg kom inn her i Noreg, seier Hilmar Haraldsson.

AKTUELT NÅ