Kravet for etiopiarane er at avslag på opphald i Noreg og vedtak som gjer dei pliktige til å forlate landet blir kjent ugyldig.

Etter at Noreg gjekk inn i den såkalla returavtalen med etiopiske myndigheiter, blei det stor bekymring blant alle etiopiarar som står i fare for å bli tvangsutsendt, seier advokat Kjell M. Brygfjeld.

LES: – Regjeringsadvokaten har misforstått søksmålet

LES: Saksøker staten for å få opphold

– Dei tok kontakt med oss, og vi aksepterte å bistå med å ta ut søksmål mot staten for å hindre at dei blir tvangssendt tilbake, held han fram.

Gir ikkje opp

Nathan fra Ytre Arna - SISTE SJANS: Lille Nathan frå Ytre Arna i Bergen er ein av 400 etioparar som saksøker staten for å få bli i Noreg. - Foto: Arne Raanaas / NRK

SISTE SJANS: Lille Nathan frå Ytre Arna i Bergen er ein av 400 etioparar som saksøker staten for å få bli i Noreg.

Foto: Arne Raanaas / NRK

Etiopiarane som advokat Brygfjeld bistår, er spreidde over heile landet. Regjeringsadvokaten avviste i april søksmålet fordi vilkåra om gruppesøksmål ikkje er til stades.

– Staten trudde vi hadde anlagt eit gruppesøksmål, men det har vi ikkje. Vi har anlagt søksmål frå 400 individ, men bede om at desse vert behandla samla, seier advokat Bent Endresen til NRK.no.

LES: Stoltenberg ignorerte asylbarna

LES: SV stemmer mot Venstres asylbarn-krav

Vil ikkje bli sendt ut

Om søksmålet vert avvist eller ikkje, blir behandla i løpet av kort tid. Advokatane har også bede om at saksøkarane ikkje vert sendt ut av landet før saka er avgjort i tingretten, eit krav som Oslo tingrett skal behandle.

Førre veke blei det kjent at Nathan Eshete og familien hans må reise til Etiopia innan 16. mai. Saka om Nathan har vakt stor oppsikt.

Tidlegare i år bestemte utlendingsnemnda å utsetje utkastinga til han og familien, men no har dei fått endeleg avslag.

LES: Hundrevis møtte opp for Nathan

Også familien til Nathan saksøker staten i eit siste håp om å få bli i Noreg.