Hopp til innhold

Klart nei til oljeboring i nord

Kristin Halvorsen gjekk i opningstalen sin på landsmøtet langt i retning av å stille ultimatum i spørsmålet om oljeboring utanfor Lofoten og Vesterålen.

Kristin Halvorsen under landsmøtetalen 19. april 2009.

Kristin Halvorsen heldt opningstalen på landsmøtet i Bergen.

Foto: Mathiesen, Tor Erik H. / SCANPIX

Sjå utdrag av talen her:

Video nsps_upload_2009_3_19_17_38_46_1151.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.
Video nsps_upload_2009_3_19_18_47_13_1163.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Dette er ei sak SV skal vinne, og det blir ei av dei viktigaste sakene for SV i valkampen, sa ho i talen. Ho tok det for gitt at landsmøtet seier nei til oljeleiting i desse havområda.

Men etterpå ville ho ikkje svare på om dette er eit ufråvikeleg krav for å halde fram i ei raudgrøn regjering.

Fond for miljøinvesteringar

Halvorsen kunne også fortelje at regjeringa før påske vil leggje fram ei stortingsmelding der det blir foreslått å bruke i første omgang 10 milliardar kroner i eit fond som skal investere i miljøteknologi.

Ho sa at det blir eit aktivt fond som skal investere for å vere med på å løyse den neste store krisa vi står overfor. Det skal både vere lønsamt og mlijøvenleg, sa ho.

Priviligerte mannfolk

- Då finanskrisa slo inn for fullt så tenkte eg at det er for mange mannfolk med eigne privilegium som har fått styre for mykje i verda, sa SV-leiaren i starten av talen sin til landsmøtet.

- Dette må vi gjere noko med, sa ho til stor jubel frå landsmøtedelegatane. Men ho la til at det er mange bra mannfolk der ute, og at ho gjerne vil ha dei i SV.

Finanskrisa stod sentralt i opningstalen. Halvorsen framheldt at krisa er eit resultat av eit økonomisk system som har spelt fallitt. Ho gjorde eit stort poeng av kor viktig det er å temme den økonomiske liberalismen.

Kristin Halvorsen på talarstolen

Kristin Halvorsen sin opningstalen varte i over ein time.

Foto: Mathiesen, Tor Erik H. / SCANPIX

Marknadsfundamentalisme

- Marknadsfundamentalismen har spelt fallitt. Vi står ved eit tidsskilje. Det er vi som må meisle ut vegen vidare, sa ho i talen.

Ho viste til at det er SV sin politikk som vinn fram når skal det skal setjast inn tiltak mot finanskrisa. Halvorsen peika på at det eine skatteparadiset etter det andre no har slutta med løyndomskulturen som gjer at folk kan lure unna pengar.

SV-toppen fortalde også den lydhøyre forsamlingane om sine møte med menneske som meiner dei verkeleg fortener å tilhøyre den eliten som har rett på millionbonusar.

- Det er flest av dei i USA, sa ho, men vi har dei også her i landet.

Ho fortalde i talen at eit fellestrekk med dei ho har møtt er at dei kjem med sterk kritikk av offentleg sektor, der det er låg effektivitiet, og dei snakkar om kor øydeleggjande ein sterk offentleg sektor er for marknaden.

Framstegspartiet

Ho tillet seg å raljere over eit par av stortingsrepresentantane til Framstegspartiet og deira syn på økonomi. Halvorsen viste til representanten Gjermund Hagesæter, som har uttalt at den økonomiske krisa har vist at marknaden er fullt i stand til å regulere seg sjølv.

Ho viste også til representanten Christian Tybring-Gjedde, som har sagt at skatteparadis er bra, fordi dei fører til lågare skattenivå også i andre land.

SV-leiaren gjorde det klart at dette er stikk i mot alt SV står for, og som ho meiner er ei haldning som vil øydeleggje den norske velferdsstaten.

Kristin Halvorsen fekk mykje applaus for opningstalen sin.

Kristin Halvorsen hausta stor applaus for opningstalen på landsmøtet.

Foto: Mathiesen, Tor Erik H. / SCANPIX

Men Kristin Halvorsen sa også at SV ikkje vil avvise marknaden. Når marknaden verkar, då skal vi bruke han, sa ho, og viste til kor viktig det er med forbrukarmakt. Til dømes i forhold til bankane.

Utkanten av krisa

- Vi er i utkanten av denne krisa, og det er fordi vi her i landet har satsa på ein sterk offentleg sektor. Vi har styrt fornuftig, vi har betre reguleringar på bankvesenet og vi har eit stor statleg eigarskap. Det gir oss tryggleik, sa ho i talen sin.

Ho gjorde det klart at om høgresida overtek regjeringsmakta i Noreg, så vil vi få ei nedbygging av offentleg sektor igjen.

Ut av Afghanistan

- Eg er overtydd om at strategien i Afghanistan er feil. Det er mange eksempel på at strategien ikkje lukkast og at det berre fører til at Taliban blir sterkare.

Ho gjorde det klart at einaste løysinga er å snakke med Taliban. Sjølv om NATO held fram det militære engasjementet sitt i Afghanistan, bør Noreg trekkje styrkane ut einsidig, sa ho i talen.

Ho kom også inn på Midtausten i opningstalen, og her kom ho igjen med krass kritikk av Israel si krigføring på Gazastripa i vinter.

Ho forsvarte den norske regjeringa si haldning om å ha kontakt med Hamas, og ho framheldt forhandlingar med Hamas som einaste måten å få til ei fredeleg løysing på konflikten i Midtausten.

Klar SV-profil

SV-leiaren gjorde det klart i talen sin at SV vil ha ei ny trepartiregjering etter valet, men før det skal ho blankpuse SV-profilen.

- Det handlar i første rekkje om å stå imot marknadskreftene og bevare den norske velferdsmodellen. Det handlar om klima, likelønn og born, seier ho.

- Veljararne skal vite kva dei får om SV gjer eit godt val. Vi treng ikkje bevise at vi kan samarbeide med andre. Vi har klart å gjennomføre mange av sakene våre. Det viktigaste er at SV gjer eit godt val. med 8,8 prosent i 2005 har vi kome langt. Med større oppslutning vil vi kome enda lenger, sa SV-leiaren i opningstalen.

Frå høgre Kristin Halvorsen, Audun Lysbakken og Bård Vegard Solhjell.

Frå høgre Kristin Halvorsen og nestleiarane Audun Lysbakken og Bård Vegard Solhjell.

Foto: Mathiesen, Tor Erik H. / SCANPIX

SV sitt landsmøte i Bergen

AKTUELT NÅ