Aursnes blei utnemnt i statsråd i dag og tek over etter Terje Sjeggestad, som har vore leiar i UNE sidan opprettinga i 2001.
Ingen formelle søknader
Ingunn-Sofie Aursnes er utdanna jurist, og har jobba som avdelingsleiar hjå Fylkesmannen i Oslo Akershus og har vore dommarfullmektig ved Nes sorenskrivarembete på Sørumsand.
I tillegg har ho vore rådmann i Jevnaker kommune i nesten fem år.
I mars 2010 blei ho tilsett i ei nyoppretta stilling som direktør for fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker.
Ho har òg vore knytt til UNE tidlegare, som seksjonssjef og deretter som nemndleiar.
Då søknadsfristen gjekk ut 15. mars, var det ingen formelle søknader til stillinga.
Justis- og beredskapsdepartementet måtte difor utvide fristen.
Blir sjef for 370 tilsette
I stillingsannonsen stod det at den nye direktøren burde vere tydeleg og samlande, ha god rolleforståing og vere flink til å motivere dei 370 tilsette.
UNE er eit politisk uavhengig forvaltningsorgan under Justis- og beredskapsdepartementet.
Det er eit domstolsliknande organ som behandlar klagar over Utlendingsdirektoratet sine vedtak.
UDI er sjølv på jakt etter ny direktør. Ida Børresen fekk i januar stillinga som direktør i administrasjonen til Stortinget, der ho startar denne månaden.
Vil bli PST-sjef
I april i år blei det kjent at den avtroppande leiaren Terje Sjeggestad er éin av seks søkjarar til stillinga som ny sjef for Politiets sikkerheitsteneste (PST) då Janne Kristiansen gjekk av i januar.
LES:
LES:
I dag er det politiutdanna Roger Berg som er fungerande sjef for PST. I april skreiv Dagbladet at alt tyder på at Politimester Benedicte Bjørnland (46) i Vestfold får jobben.