Hopp til innhold

Forsvarssjefen foreslår dramatiske kutt

Forsvarssjef Haakon Bruun-Hansen har lagt fram ei omfattande kuttliste for Forsvaret, der Garden kan bli halvert, kutte talet på seglingsdøgn for marinefartøy og redusere talet på flytimar og trening i simulator for Luftforsvaret.

Haakon Bruun-Hanssen

Forsvarssjef Haakon Bruun-Hansen har lagt fram ei dramatisk kuttliste.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Det er nettstaden AldriMer.no og Aftenposten som melder dette i kveld. Forsvarssjefen meiner at kuttforslaga kan gi ei innsparing på mellom 10 og 20 milliardar kroner. Dette kan bli aktuelt dersom Stortinget ikkje løyver så mykje pengar som forsvarssjefen ber om.

AldriMer er ein ny nettstad som har fokus på forsvar og norsk tryggingssituasjon. Den kjende gravejournalisten Kjetil Stormark er ansvarleg redaktør og leiar for prosjektet.

– I strid med behovet

Forsvarssjefen meiner kutta han legg fram er i strid med Noregs grunnleggjande forsvarsbehov, men at dette kan bli konsekvensen om ikkje Forsvaret får meir pengar.

Orion overvåkningsfly

Overvakingsflyet Orion kan bli erstatta av dronar.

Foto: Per Arne Juvang, Forsvaret / SCANPIX

Kuttlista kjem fram i notatet «Førstelinjeforsvaret: Saksgrunnlag til FSJ LGM 22.–23. juni», datert 12. juni i år. Dokumentet vart behandla av forsvarssjefens leiargruppe på eit todagars møte måndag og tysdag sist veke, skriv AldriMer.

Kutta vil ramme Sjøforvaret epesielt hardt, og det vil kunne føre til sterkt redusert nærvær blant anna i dei store havområda i nord.

Overvakingsflyet Orion kan bli erstatta av dronar, medan cyberforsvaret vil bli foreslått nedlagt. Løyvingane til Hans majestets garde kan bli halverte og Heimevernet kan bli redusert med 12.000 personar. Sjøheimevernet blir foreslått nedlagt.

Nytt notat: Flytter Kystvakten og bygger opp Garnison Porsanger

Forsvarssjefen: – Målet er ikke å legge ned noen ting

Kan leggje ned basar

Det ligg også i forslaget at Kystvakta sine basar i Sortland kan bli nedlagde, og at det same kan skje med hærens avdeling i Skjold.

Dei vernepliktige kan spele ei langt viktigare rolle i Forsvaret dersrom kutta blir reelle. Dei skal dominere Telemark bataljon, som i dag er ei profesjonell avdeling. Det vil også bety at førstegongstenesta blir auka frå 12 til 18 månader.

Talet på seglingsdødn for fregattar, korvettar og logistikkfartøy kan bli ytterlegare reduserte. Fartøya ligg no inne med 108 seglingsdøgn i året, noko som er definert som eit NATO-minimum. Ein reduksjon til under 108 seglingsdøgn vil få operative konsekvensar, spesielt innan krigføringsdisiplinane, går det fram av rapporten.

I kuttforslaga står det også at talet på flytimar med F-35 kan bli redusert, og at talet på flytimar med helikopter kan justerast gjennom ei auka utnytting av moderne simulatorsystem.

KOREA-JETS US Air Force handout photo of Lockheed Martin F-35B Lightning II fighter jet

Det nye kampflyet F-35 i lufta.

Foto: US AIR FORCE / Reuters

Det heiter også at det kan bli aktuelt å skrote eller redusere ambisjonen om marinegruppe i nord delar av året.

Føreslår kampstyrker til Finnmark

Forsvarssjef med klar advarsel til politikerne

Mannskapsreduksjon i Marinen

Det kan også bli mannskapsreduksjon på spesielle fartøyklasser i Marinen eller Kystvakta, heiter det.

Forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen listar også opp det han meiner er Forsvarets militære behov. Dette er eit direkte sitat frå rapporten:

«Men med dagens – og morgendagens – forventede budsjett er det ikke penger til å holde Forsvaret vi har i drift. Og Forsvaret vil heller ikke vil være i stand til å betale kjempesummene Norge skal ut med for nye F-35 kampfly og nye U-båter.

Det er sterke reaksjonar på kuttforslaga blant dei tillitsvalde i Forsvaret, og gjennomgangstonen frå det haldet er at politikarane no må forstå alvoret i situasjonen og løyve meir pengar.

AKTUELT NÅ