Gjennom fleire år har forsvarsminister Espen Barth Eide hatt kontakt med den gamle motstandsmannen som gjekk bort i ettermiddag.
LES:
Nyleg besøkte han Sønsteby på sjukeleiet.
– Han var ganske svekka, men det slo meg korleis han likevel var levande oppteken av forsvarsspørsmål til det siste. Vi snakka om forsvarsplanar og medaljeplanar, og han følgde aktivt med heile tida, seier Barth Eide til NTB.
– Han hadde ei stor formidlingsevne
Forsvarsministeren meiner Sønsteby kan kallast sjølve symbolet på norsk motstandskamp under andre verdskrig.
Då kampen var over og frigjeringa eit faktum, heldt han fram å formidle dei verdiane han hadde kjempa for til seinare generasjonar.
LES:
– Sønsteby står for meg som sjølve definisjonen av ein engasjert samfunnsborgar og forsvarsmann, seier forsvarsministeren.
– I det utrøyttelege opplysningsarbeidet og med ei stor formidlingsevne vidareførte han dei moralske berebjelkane som motstandsrørsla var kjenneteikna av, held han fram.
Blei tildelt Forsvarets heiderskors
Gunnar Sønsteby var ein av forkjemparane for å ta opp att medaljetradisjonane som har stått stille sidan andre verdskrig.
– Han var ein sterk støttespelar, han var oppteken av dei yngre generasjonar med veteranar, seier Barth Eide.
LES:
Nyleg blei Sønsteby som den første i historia tildelt Forsvarets heiderskors. Barth Eide syns det er godt å vite at utdelinga skjedde medan han framleis var i live.
– Det var eit uttrykk for den enorme takksemda vi har for han for innsatsen hans gjennom alle desse åra, seier han.
Eit kjent namn utanfor Noreg
Tidlegare forsvarssjef, Sverre Disen, seier Gunnar Sønsteby sitt namn ikkje berre var stort i Noreg.
– Han gjennomførte ei rekkje sabotasjeaksjonar under krigen som nærast har blitt legendariske, og som har vakt merksemd over landegrensene, seier Disen.
– Sønsteby var eit stort namn i til dømes amerikanske spesialstyrke-miljø, som han også tok imot utmerkingar frå, seier han.
LES:
Disen seier vi no har mista ein av våre fremste motstandsmenn frå krigen, og kallar Sønsteby for ein spesialstyrke-soldat heilt utanom det vanlege.
– Til dømes sabotasjeaksjonen som skulle hindre at tyskarane skulle kunne skrive ut norske ungdomstenester, og dermed i neste omgang militærteneste, der han øydela arkiva deira, er ein viktig aksjon som er blitt lagt merke til, seier Disen.
Forsvarssjef Harald Sunde tok imot bodskapen om Sønsteby sin bortgang med stor sorg.
– Han har vore ei klippe for oss i uniform. Vi har sett stor pris på engasjementet hans for Forsvaret, og omsorga for soldatane våre. Det fins ikkje gode nok ord for å beskrive kor mykje han har betydd for oss, seier Sunde.
– Ein helt
Justisminister og tidlegare forsvarsminister Grete Faremo meiner det er ein bauta som no er gått bort.
– Han var ein helt, ein ungdom i si tid som var villig til å ofre alt for sine verdiar, seier Faremo og held fram:
– Han var med på å fortelje nye generasjonar, på ein flott måte, om kva demokrati, fred og fridom nokon gongar krevjer av oss.