Hopp til innhold

Fleire dødssjuke skal få lindrande behandling

To av tre kommunar her i landet manglar eit spesielt tilpassa tilbod for lindrande behandling mot slutten av livet. Ein rapport, som vart lagt fram i dag, viser at det må satsast betydeleg om kommunane skal vere i stand til å gi eit verdig tilbod til døyande.

Innslag i Dagsrevyen om hjelp til døende, to av tre kommuner gir ikke god nok hjelp til denne gruppen.

VIDEO: Storsatsing på palliativ behandling.

Rundt 50 prosent av nordmenn døyr på sjukeheim, og lindrande behandling og omsorg (palliasjon) blir i framtida langt viktig for langt fleire enn kreftpasientar. Rapporten, som vart overlevert til helseminister Bent Høie (H) i dag, slår fast at det er nødvendig å satse betydeleg meir på lindrande behandling.

Av dei 428 kommunane her i landet er det berre 44 kommunar som har ei lindrande eining, og totalt er det snakk om 272 senger. I tillegg er det 82 sjukeheimar som kvart har tre lindrande sengeplassar eller mindre, og totalt blir det 130 lindrande sengeplassar.

– I trygge hender

Kreftpasient Ingrid Grimsø.

- Slutten av livet er ikkje berre elende, seier kreftpasient Ingrid Grimsø.

Foto: Jorunn Hatling / NRK

Rapporten slår fast at det må vere eit mål at det palliative/lindrande tilbodet skal vere integrert i spesialhelsetenesta og den kommunale helse- og omsorgstenesta.

Kreftpasient Ingrid Grimsø (57) veit at ho snart skal døy. Ho får lindrande behandling på Hospice Lovisenberg i Oslo, og ho rosar den behandlinga ho får.

– Eg er i trygge hender. Det er godt å bli teken vare på, eg vil ikkje vere til bry eller plage nokon, og her får eg vere den eg er, seier ho til NRK.

Ho har ei oppmoding til helseminister Bent Høie om å sat satse vidare på dette tilbodet, fordi dette også er betre enn aktiv dødshjelp.

– Ikkje berre elende

– Han må halde fram satsinga, slik at det blir mogleg å leve også ved livets slutt, slik at folk slepp å kjenne at dei er til bry og at ein må reise bort for å gjere slutt på det. For det er faktisk ikkje berre elende, seier Ingrid Grimsø.

Hittil har det vore berre kreftpasientar som har fått denne behandlinga, ei behandling som gir både fysisk og psykisk smertelindring, og som også omfattar familien til den sjuke. No skal også andre pasientgrupper få denne behandlinga.

– Spesialkompetansen må opp i kommunane, og vi må bruke den erfaringa vi har frå kraftbehandling til å gi eit betre tilbod til andre pasientar, seier han.

Overlege og professor Dagny Faksvåg Haugen.

Overlege og professor Dagny Faksvåg Haugen meiner den lindrande behandlinga er det beste helsevesenet kan stille opp med for døyande menneske.

Foto: Jorunn Hatling / NRK

Overlege og professor Dagny Faksvåg Haugen ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen har vore med på å utarbeide rapporten, som vart overlevert til helseministeren i dag.

– Ynsket om å sleppe forsvinn

– Denne behandlinga er det beste vi har å stille opp med. God lindring gjer at ynsket om å sleppe ofte forsvinn, seier ho.

Faksvåg Haugen får støtte i dette spørsmålet frå Pål Klepstad, overlege i anestesi og avdelingssjef på intensivavdelinga ved St. Olavs Hospital i Trondheim. Han meiner at den lindrande behandlinga i dag er så bra at dei kan lindre dei fleste sjukdomar.

i eit intervju med Vårt Land seier han at dei behandlingsmoglegheitene for smerte- og symptomlindring gjer assistert sjølvmord heilt unødvendig.

Healere har ingen plass i min plan

– Trygghet for døende og pårørende

Hjemme best – også ved livets slutt

AKTUELT NÅ