Hopp til innhold

– Heroinassistert behandling er respektlaust

Rusmisbrukernes interesseorganisasjon er sterkt kritiske til at fleire parti støttar heroinassistert behandling. – Å gi gratis heroin til tunge misbrukarar er symbolpolitikk, meiner dei.

Heroinsprøyte

Både Arbeidarpartiet, Venstre og Sosialistisk Venstreparti har gått inn for prøveprosjektet med heroinassistert behandling.

Foto: NRK

Om Arbeidarpartiet får stortingsfleirtalet med seg er det i første omgang berre dei aller tyngste narkomane som blir med på prøveprosjektet.

– Å tilby ei slik behandling er respektlaust, meiner Eva Pay, tidlegare heroinmisbrukar og brukarrepresentant i Rusmisbrukernes interesseorganisasjon, RIO.

Ho var rusmisbrukar i ti år, sju av dei åra brukte ho heroin. Ho meiner dette er å gi opp kampen mot narkotikaproblema.

– Du vel dei lette løysingane, for livet som heroinmisbrukar er så vanskeleg. Alt handlar om å skaffe pengar til heroin, seier Pay.

Hadde ho høyrt den gong at ein kunne få gratis heroin av staten, hadde vegen ut av misbruket vore vanskeleg, seier ho.

Eva Pay

Eva Pay er brukarrepresentant i RIO. Ho meiner det er respektlaust å tilby misbrukarane gratis heroin.

Foto: NRK

Symbolpolitikk frå Arbeidarpartiet

Eva Pay meiner det er langt viktigare med heilskapleg behandling med eit godt innhald og fungerande ettervern, enn gratis narkotika. Det var slik ho kom seg ut av misbruket.

Kenneth Arctander i RIO

Kenneth Arctander i RIO er sterkt kritisk til at politikarane vil gå inn for heroinassistert behandling.

Foto: NRK

Noreg er blant landa i Europa med mest overdosedødsfall, 260 i fjor. Og heroin er årsaka til dei fleste.

Både Arbeidarpartiet, Venstre og Sosialistisk Venstreparti har gått inn for prøveprosjektet med heroinassistert behandling.

– Dette er symbolpolitikk frå Arbeidarpartiet. Det er rett at mange døyr av overdose kvart år, men det er fleire andre metodar som bør prøvast ut først, seier Kenneth Arctander, som er rådgjevar i RIO.

Etterlyser ettervern

I dag møtte helsepolitikarar frå Arbeidarpartiet Rusmisbrukernes interesseorganisasjon RIO. Studiar i andre europeiske land som har prøvd heroinbehandling har svært ulike konklusjonar når det gjeld effekt. RIO håpar dei kan få politikarane her heime til å snu.

Tove Karoline Knutsen

Om Arbeidarpartiet og Tove Karoline Knutsen får stortingsfleirtalet med seg er det i første omgang berre dei aller tyngste narkomane som blir med på prøveprosjektet.

Foto: Stortinget

– Vi ser ingen god strategi for å til dømes byggje eit integrert ettervern for brukarane, seier Arctander. Han seier at brukarane nærast står i kø for å få behandling, ei behandling som Ap ikkje ønsker å styrke, meiner han.

Tove Karoline Knutsen, stortingsrepresentant i Ap deler ikkje synet til RIO.

– Vi respekterer sjølvsagt at RIO har det synet dei har, men det er mange organisasjonar som arbeider med rusproblematikk som har eit anna syn. Så vi veit at det er ulike meiningar rundt dette spørsmålet, men Ap har altså sagt ja til eit prøveprosjekt, seier Knutsen.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger