Hopp til innhold

Vil gjera byen vakker med utsmykka bosspann

Miljøpartiet dei grøne (MDG) ønskjer å dekorera kommunale bosspann i Bergen sentrum. – Kunstnarar får vist fram kunsten sin samtidig som at byrommet vert vakrare og meir fargerik, meiner Sondre Båtstrand i MDG.

bosspann

ØNSKJER MEIR FARGE OG KUNST: Miljøpartiet dei grøne ønskjer å dekorera kommunale bosspann i Bergen sentrum.

Foto: Miljøpartiet De Grønne

Frå før har det vore mogeleg å dekorera el-skap i Bergen sentrum, men Miljøpartiet dei grøne ønskjer no å utvida ordninga til også å omfatta kommunale bosspann.

– Vi ønskjer meir farge og kunst i byrommet, samtidig som det blir ein fin utstillingsplass for lokale kunstnarar. Detta er ei vinn-vinn situasjon, seier Båtstrand.

Bosspann

BETRE MED MÅLING?: Miljøpartiet dei grøne meiner at å utsmykka bosspann i sentrum vil skapa eit fargerikt og spennande byrom.

Foto: Rune Victoria Engen / NRK

Fargerik og spennande

Båtstrand meiner at el-skap ordninga som kom i 2012 var eit vellykka initiativ, og håper at også bosspann-ordninga vil bli lika bra.

– Den dekorerte el-skap ordninga har vore ein stor suksess. Det at Bergen kan sleppa til alternative uttrykk og skapa eit fargerikt og spennande byrom er bra. Eg trur at bergensarane vil også setta pris på dekorerte bosspann, seier Båtstrand.

I 2012 vart prosjektet Elektrisk gatekunst sett i gang, der det fyrste dekorerte el-skapet vart avduka av til saman 30 straumskap. Prosjektet skulle gje alle høve til å prega byen, ved at dei kunne senda inn eigne forslag og utsmykka sitt eige straumskap om dei vart plukka ut.

Nytt forslag

Partiet skal legga fram forslaget i bystyremøtet onsdag 22. april og Båtstrand er spent på kva utfallet vil bli.

– Det er mange som har vore positive til forslaget og meiner at det er ei god ide, men så får vi sjå kva dei andre politikarane meiner, seier Båtstrand.

Båtstrand meiner at forslaget passar med måla byen har bestemt seg for.

– Bystyret sine vedtatte mål har vore at Bergen skal vera ein toneangivande by innan gatekunst og vi meiner forslaget er i tråd med dette, seier Båtstrand.

Meir liv i byrommet

– Kor kan ein finna desse bosspanna og kor mange har dykk tenkt å ha?

– Vi ønskjer at dei som vil kan søka om å vera med å måla bosspann, så får ein sjå kor stor interessa blir, seier Båtstrand.