Hopp til innhold

Vegvesenet: – Dette var artig

Publikum er begeistra over gatekunsten i Hardanger, men vegvesenet slår fast at den ikkje kan bli verande. – Vi må nok tilbake til dei vanlege og kjedelege overgangane, seier seksjonssjefen.

Veitagging

HARDANGERTAGGING: Damene besøkt fleire ulike plassar og tagga vegbanen på kunstnerisk vis.

Foto: Privat

– Dette var eit spesielt påfunn og eg forstår at mange har sett pris på det. Eg synest faktisk at det var kreativt sjølv, seier seksjonssjef Carl Erik Nilsen i Statens vegvesen.

Eit mønster typisk for bunadsbandet til hardangerbunaden dukka plutseleg opp på asfalten utanfor nærbutikken på Grimo i Ullensvang herad tysdag morgon. Etter kvart dukka det fleire opp langs vestsida av Sørfjorden på rv. 550.

Lenge var det uvisst om kven som stod bak den uvanlege gatekunsten, men NRK kunne til slutt avsløre at det var fem lokale damer som hadde snike seg ut på nattetid og tagga vegbanen i ulike fargar.

Kan pusta letta ut

– Om vegvesenet vil sende oss i fengsel, så må dei gjerne gjera det. Det er sikkert strengt forbode, men vi har heldt oss unna strekningar med høg fart og svingar. Så vi har tenkt på tryggleiken, seier Ingvild Hauso, som var ein av damene som gjennomførte tagginga.

Tagger veien med hardangersøm

NATTARBEID: Her taggar damene vegen med bunadsmønster for å skapa liv under sykkelrittet Tour des Fjords.

Foto: Privat

Men heldigvis treng ikkje dei kreative damene å vera redd for å hamna bak lås og slå.

– Dei som er uroa for at dei har gjort noko straffbart og redd for at vi skal melda dei til politiet kan pusta letta ut, svarar Nilsen.

– Litt firkanta regelryttarar må tola sånt

Likevel vil han ikkje oppmoda fleire til å gjera stunt som dette.

– Det er eit kreativt stunt, og sidan det er laga i samband med sykkelrittet Tour des Fjords, så synest eg at dette var innanfor ei grense som vi må tola. Sjølv om vi gjerne blir oppfatta som litt firkanta regelryttarar i Statens vegvesen, legg Nilsen til med eit flir.

Stort engasjement blant lesarane

NRK Hordaland sine Facebook sider har det vore stort engasjement blant lesarane. Fleire heidrar stuntet frå damene og synest det er eit skikkeleg kunstverk som har kome fram på vegbanen, andre trekk fram av det bør bli ein ny turistattraksjon.

Men då har seksjonssjefen ein dårleg nyhende. For sjølv om han trur at den auka faren på grunn av stuntet er veldig låg, så kan det ikkje bli verande.

– Det er ei overdriving å seia at det er direkte trafikkfarleg, men vi vil ikkje at fleire skal fortsetja å gjera dette. Vegen skal berre ha vegmerking, skilt og slike ting som gjerne vert oppfatta som kjedeleg ting, men som er det tryggaste for vegfarande. Andre ting må fjernast, seier Nilsen.

– Blir ei utfordring

– Vi vil ikkje oppmoda folk om å tapetsera vegane i Hardanger med bunadsmønster, sjølv om det hadde blitt ein fin turistattraksjon, seier Nilsen.

– Vil dykk gjera noko no for å fjerna det?

– Eigentleg så skal slike ting bli fjerna, men dette blir nok ei utfordring og vi har ikkje diskutert kva vi gjer endå. Dei som i så fall får ansvaret, oppfattar nok stuntet som kreativt og at dei har gjort ein fin jobb. Men den formelle meldinga til dei er at slike ting eigentleg skal fjernast, legg Nilsen til.