– Ingen veit kven som har laga mønsteret

Eit mønster typisk for hardangerbunad dukka plutseleg opp på asfalten utanfor nærbutikken på Grimo i Ullensvang tysdag morgon. No går diskusjonen i bygda om kven som kan ha laga det.

Hardangermønster på fartsdump

MØNSTER I VEGEN: Tysdag morgon oppdaga Stein Hauge Aarekol eit stilig mønster i vegen utanfor butikken han driv.

Foto: Stein Hauge Aarekol

Tysdag morgon oppdaga Stein Hauge Aarekol at det var noko uvanleg på fylkesveg 550 som går utanfor butikken han driv på Grimo i Ullensvang herad.

– Det har kome opp i løpet av natta, men ingen veit kven som har laga det. Men det er masse snakk på butikken om det i dag, seier Aarekol.

For utanfor butikken Grimohuset har vegen fått eit mønster som liknar på hardangersaum. Truleg er mønsteret henta frå eit bunadsbelte.

– Eg oppdaga det då eg kom på jobb i morgontimane, så det er malt på vegen i løpet av natta.

– Det er veldig flott

Tour Des Fjords skal passera staden på torsdag klokka 13.30, og diskusjonen går no i at det kan vera grunnen til at mønsteret plutseleg dukka opp.

– Det er malt på, er ein meter bredt og ser ut som det kjem til å halda seg der ein stund. Det er veldig flott, seier Aarekol.

Han seier at rykte fortel at ein fem seks damer var observert ved staden i natt.

Ingen vil vedstå seg kunstverka

NRK Hordaland har vore i kontakt med ein del kunstnarar i Hardanger. Nokre av dei var svært så løyndomsfulle. Ingunn van Etten er sjølv kunstnar og fortel at det og skal ha kome eit tilsvarande mønster på Hesthamar ved Utne.

– Eg har ikkje peiling på kven som har laga det. Eg tenkte at det kanskje var del av eit større prosjekt som Harding Puls har gåande. Det dreier seg om landart mellom himmel og fjord. Men no har ho fått bekrefta at kunstverka heller ikkje er del av dette prosjektet.

Ingunn van Etten meiner det dessutan heller ikkje er snakk om Hardangersaum, men at det derimot er eit perlebelte vi ser i vegbanen. Døm sjølv!

  • HØYR SAKA SOM GJEKK I HORDALAND I DAG:

Høyr intervjua med Stein Hauge Aarekol og Ingunn van Etten.

  • SJÅ FLEIRE BILETE AV DET STILIGE MØNSTERET: