– Hadde vi fått midlar til forsking i dag, samt eit politisk vedtak på kva ein vil bygga, kunne vi i teorien hatt eit røyrbru ferdig over Bjørnafjorden i 2025.
Det seier sjefingeniør Jorunn Sekse i Statens vegvesen til NRK. Røyrbru-konseptet er eitt av temaa som blir diskutert under Teknologidagane i Trondheim denne veka.
Ovanfor Teknisk Ukeblad, som først omtala saka i dag, presiserer Sekse at det ikkje er noko grunn til å velje flytebru eller hengebru framfor røyrbru på E39 over fjorden mellom Os og Tysnes.
– Om vi ser på Bjørnafjorden reknar vi med at kostnadane vil vera omtrent som for andre brualternativ. Når det kjem til tryggleiken er det heller ingen grunn til å velja vekk røyrbru som konsept.
Ferske illustrasjonar
Statens vegvesen har lagt ut ferske illustrasjonar over dei ulike kryssingsalternativa på det sokalla Hordfast-prosjektet.
Bru over Bjørnafjorden vil erstatta ferjestrekninga Halhjem–Sandvikvåg og korta ned reisetida mellom Bergen og Stavanger betrakteleg.
Alternativa er mange og diskusjonane er brennheite.
- Bla deg gjennom illustrasjonane av hengebru, røyrbru og flytebru over Bjørnafjorden i albumet øvst i saka!
- LES OGSÅ: Meiner E16 er viktigare enn ferjefri E39 | |
Sjefingeniør Sekse meiner altså dei kunne hatt ei røyrbru klar allereie i 2025, om dei hadde fått forskingsmidlar og vedtak frå politikarane i dag.
– Det vil ta oss kring sju år å ferdigstille ei røyrbru med dobbeltløp på 4 580 meter over Bjørnafjorden. Før bygging må me ned på botnen og gjera undersøkingar av korleis ei slik bru kan festast.
Vurderar løysinga på fleire kryssingar
Ferjefri E39 er eit stort og kostbart prosjekt. Både Halsafjorden, Julsundet, Sulafjorden, Vartdalsfjorden, Nordfjorden, Sognefjorden, Bjørnafjorden og Boknafjorden treng fjordkryssingar.
Vegvesenet ser for seg at kryssingar over to kilometer er spesielt godt eigna for løysinga med røyrbru. Ei røyrbru som Vegvesenet vurderer kan anten kan forankrast i botn eller i flytande pongtongar i havoverflata.
Bjørnafjorden er 550 meter på det djupaste.
– Det beste hadde vore ei løysing med forankring i botn. Då er ingenting synleg på vassoverflata, og brua vil ikkje bli påverka av vind og bølgjer, forklarar Sekse.