Hopp til innhold

Snøkaos: – Fleire vogntog har køyrt seg fast

Nysnø og glatt føre har ført til fleire trafikkulukker og stengde vegar.

Her på Vallaheiane var det kaotiske tilstander etter det første store snøfallet denne vinteren.

VALLAHEIANE: Mykje snø og glatt føre gjev trøbbel i trafikken måndag formiddag. – Ein del vogntog slit på Vallaheiane, Gullbotn og på Kvamskogen, melder vegtrafikksentralen.

Måndag formiddag meldte politiet om fleire utforkøyringar på grunn av det glatte føret.

– Det kan vere krevjande å bevege seg på vegane no. Det har snødd kraftig, så på ein del vegar er det blitt ganske glatt, seier vaktkommandør Stian Rosnes i Vegtrafikksentralen.

– Me har fått meldingar om at det er særleg ein del vogntog som slit på Vallaheiane, på Gullbotn og på Kvamskogen, seier han.

Elles er det meldt om spesielt glatt føre fleire stader i Hardanger, Samnanger, Fjell og Sund.

– Bilistar må køyre forsiktig og halde god avstand til bilen framfor, slik at ein kan stoppe dersom det skjer noko, seier Rosnes.

Fleire meldingar

Statens vegvesen har fått svært mange meldingar frå bilistar om det dårlege føret.

Vegen over Fanafjellet blei stengd, det same skjedde i Grimesvingane i Bergen.

Det er glatt veg ved Vallaheiane, ved Hisdal på riksveg 7, og det er fleire som har problem med å komme opp til Gullbotn.

Nattlandsfjellet var stengt grunna ein personbil som hadde problem, og på Askøy har to personbilar kollidert.

Saka held fram under biletgalleriet.

Politiet dirigerer trafikken etter kaos på veiene
Foto: Runa Victoria Engen / NRK

Alvorleg skadd

Kollisjon i Grimesvingane

GRIMESVINGANE: Mange hadde problem i Grimesvingane, måndag.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

I Hardangerveien var det i føremiddag ein kollisjon mellom to møtande bilar. Ein person (31) er alvorleg skadd etter ulukka. Det kjem fram i ei pressemelding frå Helse Bergen i ettermiddag.

Klokka 11.10 køyrde ein bil på ein stolpe og leidningen sperra vegen. Det var full stopp i trafikken, og det er mistanke om promillekøyring.

Vegbanen var også sperra av eit tre, og klokka 13.17 vart treet fjerna.

Eit køyretøy inne ved Helldalen skole fekk også køyreforbod då det ikkje hadde kjetting.

Følg utviklinga i trafikken her:

Fleire vogntog står på grunn av glatt føre

Trafikken står stille på Vallaheiane

STÅR STILLE: Ein buss og eit vogntog har køyrt seg fast mellom Nesttun og Os. Trafikken står nesten heilt stille på Vallaheiane, skriv 03030-tipsar.

Foto: Sturle Svendal / 03030-tipser

Fylkesveg 7 har vore stengt ved Gullbotn og på Kvamskogen fordi fleire vogntog står fast. Det blei oppfordra om å køyre E16. Vegen er no opna igjen.

I Tveitasvingene har også eit vogntog køyrt utfor vegen.

– Fleire andre trailerar står og ventar. Ingen er skadde, men det er veldig redusert framkomst på staden, seier Rebnord.

Kjetting på bussen

VALLAHEIANE: Kjetting på bussen i Vallaheiane.

Foto: Sturle Svendal / 03030-tipser

På Vallaheiane har også eit vogntog køyrt seg fast mellom Nesttun og Os og sperrar køyrefeltet i sørgåande retning. Ein buss skal også ha køyrt seg fast. Politiet har fått melding om store trafikkproblem på staden.

– Eg sit på ein buss som skulle vore i Skjoldskiftet klokka 13.05, men eg måtte ringe til jobben og seie at eg blir sein, seier 03030-tipsar Sturle Svendal til NRK klokka 13.30.

Legg på kjetting på Kvamskogen.

KVAMSKOGEN: Vogntogsjåfør Michael Pedersen seier han har lett last, og han legg på kjetting på vogntoget for få godt vegfeste.