– Mange innbyggarar i distrikta får ikkje ein fast lege å forholda til seg. Det er ikkje bra for pasientbehandlinga, seier Helen Brandstorp.
Ho er leiar for Nasjonalt senter for distriktsmedisin, som har kartlagt korleis det står til med legedekninga i dei mindre kommunane i landet.
Det var Dagens Medisin som omtala saka først.
359 kommunar med under 20.000 innbyggarar var med i undersøkinga,
42 av desse hadde stått utan fastlege i tre månadar eller meir. 17 kommunar var utan lege i kommunal legevakt. Talet på kommunar fordeler seg ulikt mellom fylka i Noreg:
Får konsekvensar for distrikta
– Me fryktar vikarstafettar og eit urettferdig helsesystem, der distrikta har eit dårlegare helsesystem enn dei større stadene, seier Brandstorp.
- Les også:
Det er vanskeleg å rekruttera til stillingane, og å få legane til å bli.
– Unge lege byrjar gjerne i jobben, men dei blir ikkje verande. Pasientane må gå til vikarar som ofte kjem frå utlandet, og som ikkje kjenner lokale forhold og språk så godt, seier Brandstorp.
– Ordninga skranglar
I Odda kommune i Hordaland er dei godt kjent med legemangelen. I lengre periodar det siste året har alle dei åtte fastlegestillingane vore avhengig av vikarar.
– Me har hatt problem heilt sidan fastlegeordninga starta i 2001. Me har ikkje nok listeplassar til å dekka innbyggarane våre, så nokon har måtte søka legehjelp i andre kommunar, seier kommunelege Steinar Jacobsen til NRK.
Arbeidsmengda er stor, fortel han.
– Det blir ein vond sirkel, mange unge legar trivst her inne, men dei bukkar gjerne under for høgt arbeidspress.
Han seier ordninga skrantar i kommunen.
– Pasientane har rett og slett ikkje ei reell fastlegeordning. Dei har heller ikkje eit reelt val mellom legar, fordi det ikkje finst ledige plassar på andre lister, seier Jacobsen.
– Eit problem over heile verda
Brandstorp seier mangelen på legar i distrikta er ei global utfordring.
– Legar vert utdanna sjukehusbasert på universitetssjukehus i store byar, og dei vil gjerne bli verande der.
- Les også:
Ho meiner løysinga er å endra utdanningsløpet.
– Utdanninga av legar må desentralisert i større grad. Meir av grunnopplæring må skje utanfor universitetssjukehusa, og ute i distrikta.
I andre land har dei gode erfaringar me dette, ifølge Brandstorp.
– Studentane oppdagar at medisinen utanfor byane er vel så spennande, og vel så utviklande. Me treng eit skifte i korleis me tenker om legeutdanning.
Odda prøver no å rekruttera legar frå område, som gjerne vil bli i bygda.
- Les meir:
– Me kjem ikkje unna at me ligg eit stykke frå dei større byane. Men me meiner sjølv at me har mykje å by på, seier Jacobsen.