Kjersti B. Wågsæther sat og sola seg topplaus i sin eige hage, då ein humlesurrande dings brått stansa i lufta rett over hovudet hennar.
Det var eit kamera, festa til ein drone. Wågsæther frå Bergen er skeptisk til at kven som helst skal kunne bruke slike fjernstyrte, flygande kamera.
– Kva i alle dagar gjer den her, tenkte eg. Og kvifor skal den sjå på meg?!
– Såg den på deg?
– Ja, den stoppa iallfall opp. Det var litt ekkelt. Eg tenkte; er det slik det skal vere i framtida? At alle skal sjå deg når dei vil?
Sjå reportasjen:
Vanskeleg lovgiving
Bruk av droner til å ta luftfoto har blitt vanleg dei siste åra. Jan Roald Eik i selskapet Helivision er ein av dei som ofte brukar droner, til dømes for å fotografere bustadhus som skal ut for sal.
– Ofte er det eigedomsmeklarar og fotobyråer som treng flyfoto av eigedomane, seier han.
Lovgivinga kring droner kan vera forvirrande for mange. Lover som ikkje blei laga med tanke på droner, gjer tolkinga utfordrande. Hovudregelen er slik at viss poenget er å filma noko, krev det løyve. Men hvis der berre er på gøy, treng du ikkje.
- LES OGSÅ:
– Du kan til dømes fly modellfly utan løyve, seier inspektør Morten Raustein i Luftfartstilsynet.
– Forstår at folk er skeptiske
Ei prøveordning som skal vara ut året, inneber at det ikkje lenger er naudsynt å søkja om løyve til fotografering og filming frå lufta så lenge dronen er innan synsrekkevidde, og ein flyr utanfor restriksjonsområde.
Prøveordninga tyder likevel ikkje at «smugkikkinga» Kjersti opplevde, er lov, ifølgje ekspertane.
– Det er ikkje fritt fram. På ingen måte. Det er ikkje lov å fly over folk, seier Raustein i Luftfartstilsynet.
– Går ein for nært på utan samtykke og publiserer det, så vil det kunne vera straffbart, seier kommunikasjonsdirektør Ove Skåra i Datatilsynet.
Jan Roald Eik i Helivision har stor forståing for at folk kan bli skremde av å få ein drone inn over terrassen.
– Eg trur nok dei fleste som får ei slik over huset vil lura litt på kva det er, ja. Eg forstår at folk er skeptiske, seier Eik.