Hopp til innhold

Dette ufo-liknande utstyret kan ta unike bilder og film

Med heilt spesielt kamerautstyr tar dronen bilete og film frå lufta. Men ikkje alle kan leike seg med slikt flygande utstyr ....

Kollasj Falkeblikk

DRONEFILMING: Med ei drone kan ein få bilete og film som er heilt spesielle. Dronen ligg i korga til venstre men frå lufta tar den eit spesielt bilete av Sogndal.

Foto: Karl Kristian Langeland/dronebilete / NRK/Falkeblikk

På Campus på Fosshaugane stadion i Sogndal, i ein kjellar, står dei små maskinene som ser ut som modellfly. Det er eigentleg dronar som kan ta bilete og film frå lufta.

Jo Bergersen og Tore Lie i Falkeblikk har måtte lære seg å fly med små helikopter før dei deretter avanserte til større helikopter.

(Saka held fram under biletet)

Dronefilming

UTSTYRT: Jo Bergersen og Tore Lie spesialiserer seg på å fly små førarlause helikopter, også kalla dronar, for å ta spesielle bilete eller film.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

– Trur vi har utstyr for rundt 100 000 kroner. Men vi kan ikkje fly i regn og for sterk vind, seier Bergersen.

Til skilnad frå anna helikopterfilming kan ei drone starte å filme heilt nede på bakken og fly tettare på gjenstandar enn andre helikopter.

Dronar hindra sløkkingsarbeid i Lærdal

Dei to spesialiserer seg på å filme med minihelikopter frå lufta. Dei har tatt bilete og dronefilmar som dei leverer både til TV2, NRK og ikkje minst Discovery Channel.

Falkeblikk brukar dronar som ein flygande gjenstand som brukast i profesjonell samanheng til å ta bilete og film, eller for innsamling av data for Statens kartverk og Forsvaret.

I Lærdal vart dronar mykje omsnakka fordi dei var til hinder i sløkkingsarbeidet.

Politiet oppretta ei flyforbodssone over Lærdal. Men dronar skapte problem for helikoptra som var sett inn i Lærdal. Politiet måtte be folk om få dronane ned frå lufta. Desse vart truleg brukte til å fotografere frå lufta.

(Artikkelen held fram under biletet)

Drone

KAN SJÅ SLIK UT: Dronar kjem i forskjellige storleikar og fasongar. Her er ein type.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Strenge krav for å fly dronar

Alle som tar bilete frå lufta skal ha løyve frå Nasjonal sikkerheitsmyndigheit. Det er det dei færraste som veit.

– I tillegg skal vi som driv kommersielt ha løyve frå Luftfartstilsynet der vi har levert dokumentasjon på at vi har rutinar for sikkerheit og gjennomføring av oppdrag. Og at vi kjenner til reglementet for alle som flyr. Alle som flyr må ikkje komme i konflikt med kvarandre, seier Lie.

Han seier teknologien har blitt så lett tilgjengeleg at det er blitt eit problem.

– Krava til å fly vil bli strengare. Det kan bli farleg å fly dersom det blir for mange dronar i lufta samstundes.

Også dei to i Falkeblikk irriterer seg over dei mange uprofesjonelle flygarane som bidreg til å skape rykte om at droneflyging berre er leik og moro.

– For oss som har dette som jobb krev det langt meir kunnskap, betre utstyr og betre kvalitet, seier Tore Lie.

(Artikkelen held fram under biletet)

Med drone

LANGT DER NEDE: Nede på bakken står Tore Lie og Jo Bergersen og styrer dronen høgt til vêrs.

Foto: Dronebilete / Falkeblikk

Opp i lufta

For å få tatt god film og spektakulære bilete vert Jo Bergersen utstyrt med videobriller slik at han heile tida har kontroll på det som vert filma frå lufta. Han styrer kamera frå ein fjernstyrt kontroll.

Han er avhengig på samarbeide med piloten for å få gode bilete.

– Frå bakken ser helikopteret ut som ein liten ufo. Mange lurer på kva det er og stoppar gjerne for å sjå, seier Jo Bergersen.

Helikopteret har ikkje godkjenning for å få høgare enn 125 meter opp frå bakken. Under denne høgda er dronen ikkje i konflikt med anna helikoptertrafikk.

– Det krev ein god del øving for å bli god til å filme slik.