Hopp til innhold

Pangstart for Hellemyrsfolket på DNS

Vil du få med deg DNS si oppsetjing av Hellemyrsfolket i år, må du vere rask. 32000 av 33000 billettar er rivne bort.

Hellemyrsfolket

STRØYMER TIL DNS: DNS si oppsetjing av Amalie Skrams Hellemyrsfolket er utseld til jul. – Dette er me kjempeglade for. Det betyr at bergensarane verkeleg har bestemt seg for at denne musikalen vil dei sjå, seier teatersjef Agnete Haaland.

Foto: magnus skrede / Photography: Magnus Skrede

Publikum strøymer til musikalversjonen av Amalie Skrams Hellemyrsfolket på den Nationale Scene i Bergen. Det er sett opp til saman 79 førestillingar av Hellemyrsfolket og så langt er 32 000 av 33 000 billettar selde.

LES OGSÅ: Sjå Herborg synge frå «Hellemyrsfolket»

Agnete Haaland

STOLT: – Me ser på om det er mogleg å setje opp fleire framsyningar, men endå har me berre planar om desse 79 framsyningane, seier teatersjef Agnethe Haaland.

Foto: Fjeldstad, Knut / SCANPIX

Førestillingane er utselde i fleire månadar framover, og no er det berre ledige billettar i romjula, fortel teatersjef Agnete Haaland.

– Dette er me kjempeglade for. Det betyr at bergensarane verkeleg har bestemt seg for at denne musikalen vil dei sjå.

LES OGSÅ: Arvesynd og frigjøring

– Stolt som ei høne

På oppsetjinga har teatersjef Agnete Haaland fått med seg både krimforfattar Gunnar Staalesen og musikaren Julian Berntzen med på laget. Stykket hadde urpremiere 13. september i år, og det er ein letta og glad teatersjef NRK snakkar med.

Hellemyrsfolket

HELLEMYRSFOLKET: Frå venstre: Hadle Lavold Reisæter, Pål Rønning og Lars Henrik Aarnes. Bak ser ein Irene Waage.

Foto: magnus skrede / Photography: Magnus Skrede

– Me har jobba med dette i tre år no, og då premieren var overstått var eg stolt som ei høne, eller hane, eller det stoltaste dyret du kan tenke deg.

– Kva kan vere grunnen til at så mange vil sjå stykket?

– Det er jo Amalie Skram. Det er basert på eit av våre store nasjonale epos. Det seier noko viktig om ei ganske nær fortid. Så er det dyktige kunstnarar som Gunnar Staalesen og Gunnar Berntsen som er med og har skapa god musikk.

Få billettar igjen

I følgje teatersjefen er det framleis mogleg å skaffe seg billettar til framsyninga.

– Det er det. Men det er ikkje så mange moglegheiter igjen. Det hender jo også at ein kan få gode billettar same dag, dersom nokon avbestiller.

Haaland seier dei no snur alle steinar for å klare å setje opp stykket i fleire rundar.

– Me ser på om det er mogleg å setje opp fleire framsyningar, men endå har me berre planar om desse 79 framsyningane.

LES OGSÅ: Sjå kva elevane på Amalie Skram vgs. kan om forfattaren

I DNS si nye oppsetjing av Hellemyrsfolket, speler Herborg Kråkevik rollen som Petra.

MUSIKAL: Herborg Kråkevik har rolla som Petra i DNS si musikaloppsetting av «Hellemyrsfolket».