Måndag kveld vart ein person funnen død ved Storavatnet ved Svortland på Bømlo. Det var badande ungdommar som såg bilen og varsla politiet.
Likfunnet vart gjort i eit området der mykje folk ferdast, og politiet synst det er underleg at ingen har oppdaga bilen tidlegare.
– No ventar me obduksjonen, før det er det avgrensa kor mykje nytt me kan fortelja, seier lensmann på Bømlo Roald Raunholm.
Kan få svar onsdag
Politiet manglar svar både på dødsårsaka og kven den døde personen er. Onsdag skal obduksjonen finna stad ved Gades Institutt i Bergen.
– Me håpar dei kan slå fast kva som er dødsårsaka, og det skjer kanskje før
helga. Identifikasjonen er meir usikker, men me håpar på svar
allereie onsdag, opplyser Raunholm.
Politiet ser rutinemessig på saka som eit mistenkeleg dødsfall.
Sakna person
Ein person har vore sakna i området sidan oktober.
– Me ser saka i samanheng med personen som er sakna, men kan ikkje gå ut med noko når me ikkje har fått stadfesta kven den døde er, seier lensmannen.
Politiet har hatt kontakt med bistandsadvokaten som er oppnemnd etter forsvinninga i oktober.