Hopp til innhold

Bil funnen i Storavatnet kan knytast til sakna person

Bilen som blei funnen i vatn på Bømlo kan knytast til personen som har vore sakna sidan oktober i fjor.

Storavatnet på Bømlo

FUNNSTADEN: Bilen med den døde personen blei funnen i Storavatnet ved Svortland på Bømlo.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Måndag denne veka blei ein bil med ein person inni funnen i Storavatnet på Bømlo . Politiet opplyste måndag at bilen og personen bar preg av å vore lenge i vatnet.

Ein person har vore sakna i området sidan oktober i fjor. Lensmannen på Bømlo opplyser fredag at bilen som blei funnen i Storavatnet kan knytast til den sakna personen.

– Då personen blei meldt sakna blei også bilen denne personen disponerte meldt sakna. Undersøkingar viser at det var denne bilen som blei funnen i vatnet, seier lensmann Roald Raunholm til NRK.

Personen som blei funnen inni bilen blei tidlegare i veka sendt til Gades Institutt i Bergen for identifisering og obduksjon. Lensmannen håpa identifisering kunne skje før helga .

– Me har ikkje fått svar frå Gades ennå og kan difor førebels ikkje seia noko om identitet eller dødsårsak. Me får nok ikkje svar før over helga, opplyser lensmannen fredag ettermiddag.

Ifølgje opplysningar NRK onsdag fekk tak i er det ikkje noko som tyder på at den døde er utsett for vald eller annan kriminalitet .