Klokka 13.41 fekk politiet melding at det hadde vorte observert ein nedsokken bil i den søraustre enden av Storavatnet på Bømlo.
Då bilen vart henta opp på land vart det funne ein død person i bilen. Personen er ikkje identifisert.
– Bilen og personen ber tydeleg preg av å ha vore lenge i vatnet. Me veit ikkje kor lenge, men det er snakk om veker eller månader, seier operasjonsleiar Trond Friberg ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.
Storvatnet ligg ved Svortland som er kommunesenteret i Bømlo kommune.
Mistenkjeleg dødsfall
Politiet veit ikkje om personen er utsett for noko kriminelt.
– Det er umogeleg å seia. For oss er dette eit mistenkjeleg dødsfall, seier Friberg.
Sakna sidan oktober
Ein person har vore sakna i det same området sidan oktober i fjor.
– Me kan ikkje sjå vekk frå at dette funnet kan handla om denne personen, seier operasjonsleiaren.
Den omkomne vert onsdag sendt til Gades Institutt i Bergen for identifisering og obduksjon.