Hopp til innhold

Den omkomne på Bømlo er identifisert

Det var den sakna litauiske mannen som vart funnen død i ein bil i Storavatnet på Bømlo førre veke.

Storavatnet på Bømlo

STORAVATNET: Det var her, i Storavatnet på Bømlo, at mannen vart funnen.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Haugaland og Sunnhordland politidistrikt stadfestar no at den døde personen som sist veke vart funnen i ein bil i Storavatnet på Bømlo, var den sakna mannen frå Litauen.

Mannen vart fødd i 1983, og hadde vore på besøk hos ein kamerat på Bømlo.

Tente lys ved Storavatnet

TENTE LYS: Dagen etter funnet, vart det tenkt lys ved vatnet.

Foto: Marte Rommetveit / NRK
Sakna sidan oktober

Mannen har vore sakna sidan 25. oktober 2012, og vart funnen i bilen i Storavatnet på Bømlo 10. juni 2013. Familien til den døde mannen er informert om identifiseringa.

Det er førebels ikkje klart korleis den kvite varebilen hamna i vatnet.

– Nei, vi har ikkje svar på korleis den har hamna der. Bilen er undersøkt teknisk, og vi ventar på rapport frå Statens vegvesen, seier Roald Raunholm, lensmann på Bømlo.

Ikkje noko kriminelt

Politiet veit heller ikkje kor lenge bilen har lege i vatnet.

– Men vi veit at mannen vart sakna i oktober i fjor, og bilen ber preg av å ha lege under vatn ei tid, seier Raunholm.

Det er førebels ikkje mogleg å seie noko om dødsårsak, men politiet opplyser at ingenting tyder på at avdøde er utsett for noko kriminelt.

– Vi etterforskar denne saka vidare både opp mot tekniske og taktiske ting. Etterforskinga vi oppretta i samband med funnet av mannen, vil halde fram, seier lensmannen.