Hopp til innhold

Denne silketoppen kan alle klare å sy

Det mjuke fallet i silketoppen er ikkje så vanskeleg å få til som det ser ut. Med eit enkelt grep syr du denne utringinga på toppen eller kjolen.

Tine Solheim forklarar kva det vil seie å klippe på skrå, og kva det kan hjelpe deg med.

VASSFALL: Her syner Trine korleis du får til det fine fallet framme på toppen eller kjolen.

Kor mange gonger har du ikkje saumfare butikkane etter toppen med akkurat den fargen du vil ha, i det stoffet du vil ha, med det snittet du kler best?

Yngvar Symesterskapet

Yngvar og dei andre deltakarane syr denne veka ein silketopp.

Kanskje finn du endeleg ein, men oppdagar at naboen har funne nøyaktig den same? No kan du avslutte den trøyttande jakta og sy din eigen:

Klippe forklaring

SLIK: Vil du ha fint fall på toppen, legg du mønsteret på skrå som her til høgre.

Denne veka syr deltakarane i Symesterskapet ein silketopp med vassfallsutringing, eit plagg som fell elegant og fint fordi stoffet er klipt på skrå.

Vanlegvis legg ein mønsteret langs jarekantane (dei to langsgåande ytterkantane på ein stoffrull) når ein syr. Men viss ein legg mønsteret på skrå på stoffet, som på bilete, blir stoffet meir elastisk, og ein får eit plagg som fell mjukt i ein topp eller i ein selskapskjole.

Slik får du det fine fallet på toppen:

1. Brett stoffet diagonalt, slik at jarekanten ligg langs klippekanten.

Klippe på skrå 1

2. Legg mønsteret (½ forstykke) inntil bretten

Klippe på skrå trinn 2

3. Fest med knappenåler og klipp langs mønsteret.

Klippe på skrå trinn 3

5. Så har du framstykket til ein lekker topp klipt på skrå.

Klippe på skrå trinn 4