Hopp til innhold

No blir P3-Ronny sy-dommar

Symaskin og nål og tråd er nesten som framandord å rekne for P3morgen sin Ronny Brede Aase. Likevel dukkar han opp på TV i beste sendetid som dommar i nettopp ein sykonkurranse.

Eva Kittelsen og Ronny Brede Aase under Symesterskapet

DOMMAR: Mangelen på kunnskap om stoff, mønster og symaskin blir inga hindring når P3-Ronny no tek på seg jobben som dommar i ein sykonkurranse.

Foto: Tore Zakariassen / NRK

– Då dei først ringde meg tenkte eg jo at dette burde eg ikkje vere med på, for eg har jo absolutt ingen kompetanse på dette, flirer gladguten frå Førde.

Men som du allereie har skjønt vart han til slutt overbevist. Måndag er det den kjende radiostemma som saman med kollega Silje Nordnes er gjestedommarar i NRK-programmet Symesterskapet.

Her skal åtte av dei fremste amatørsyerskene i Norge kjempe mot knallharde tidsfristar, utfordrande oppgåver og strenge dommarar.

Hettejakke for dei over 30

Programmet går over sju episodar, med heilt forskjellige oppgåver. I første program får dei Ronny Brede Aase som «oppdragsgjevar».

– Eg elskar jo å gå med hettejakker, og tanken var at dei skulle lage ei hettejakke som eg kan gå med sjølv om eg blir meir vaksen. Kanskje med ein litt meir moderne og vaksen stil, seier Ronny som snart bikkar 30 år.

Og sjølv om han kanskje kan seiast å vere ein ekspert på hettejakker, har han null peiling på sying, stoff og mønster.

– Det var ganske godt å ha med seg Silje, så fekk vi ein slags auka kompetanse, på eit vis, ler han.

Imponert over deltakarane

Den yngste syerska i konkurransen er berre 18 år, medan den eldste er ein 52 år gamal mann frå Søgne. Sjølv let Ronny seg imponere av alle påfunna deira.

– Eg vart imponert over alle innfallsvinklane dei hadde på oppgåve. Det var mange ambisiøse planar, seier han.

– Blei du sjølv inspirert?

Eg trur vel ikkje eg umiddelbart blir ein fyr som set seg ned med symaskina sjølv, nei. Det treng ein vel ein viss kompetanse for, flirer han.

Han vil ikkje avsløre noko om vinnarplagget, men seier han sjølv fekk plukke ut ein favoritt, før dommarane sa sitt.

– Eg skulle ikkje bry meg noko om korleis den var utført reint teknisk, det var dommarane si oppgåve.

Har du fått deg eit nytt yndlingsplagg?

– Det kan det fort bli, seier han og ser ikkje vekk frå at han kan bli sett mykje med hettejakka frå konkurransen utover hausten.

Symesterskapet kan du sjå på NRK1 klokka 19:45. Du kan også sjå programmet i nett-TV