Hopp til innhold

Birgitte blei alvorleg sjuk av ny type allergi

Birgitte blei alvorleg sjuk av MI, eit allergiframkallande stoff som finst i måling og vaskemiddel. No oppmodar ho produsentane om å fjerne stoffet frå produkta.

Birgitte Viksund

ALLERGI: Birgitte Viksund har blitt kraftig råka av kontaktallergi med MI. No oppmodar ho produsentane om å fjerne det svært allergiframkallande stoffet frå produkta sine.

Foto: Privat

I januar blei Birgitte Viksund akutt sjuk. Ho fylte 30 år, og fekk sett på falske augevipper til feiringa. Men like etter byrja ho hovne opp rundt auga og i ansiktet. Hevelsen blei så stor at ho nesten ikkje kunne sjå lenger.

– Utslettet blei etter kvart enno verre, skjelete og væskande, og det gjorde vondt. Eg kjente at det ikkje berre var lokalt, men på heile kroppen, fortel Viksund.

Ho blei sendt til Haukeland sjukehus der ho etter kvart fekk diagnosen alvorleg kontaktallergi mot MI, eller Methylisothiazolinone.

– På Haukeland spurte dei meg om eg hadde måla i det siste. Og det hadde eg jo, me har nettopp pussa opp eit hus. Så det som truleg har skjedd, er at eg har reagert på limet til dei falske augevippene, så har dette blitt forsterka av at eg i tillegg har målt, og blitt utsett for målingsdamp, seier ho.

LES OGSÅ: Du kan få allergi av å male

– Umogleg å unngå stoffet

Ny forsking frå Syddansk Universitet og Odense Universitetssykehus, syner at Viksund langt frå er den einaste som er blitt alvorleg sjuk av det allergiframkallande stoffet MI.

Ifølgje forskning.no er fleire forskarar særleg frustrert over dette stoffet, og seier det blir vanskelegare og vanskelegare å unngå.

– MI er framleis ikkje regulert, kanskje fordi det er eit viktig stoff i mange vassbaserte produkt. Industrien har ikkje funnet alternativ til det. Det finst mange stader der du ikkje ventar det. Fleire typar oppvaskmiddel har det også. Viss du blir allergisk, har du eit stort problem, seier Klaus Ejner Andersen, professor ved Syddansk Universitet og Odense Universitetssykehus til nettstaden.

Stoffet har ifølgje forskning.no blitt meir og meir utbreidd fordi det kan erstatte dei sokalla parabenane, som vert mistenkte for å vere hormonforstyrrande.

– Eg meiner parabener er mykje sikrare. No brukar produsentane erstatningar som gir ei lang rekke andre problem, meiner Andersen.

LES OGSÅ: Disse kjemikaliene får du i deg hver dag

– Eg må leve med det resten av livet

Denne typen kontaktallergi er ikkje noko som vil forsvinne. Viksund har fått beskjed om at ho truleg må leve med det heile livet.

Birgitte Viksund

– MÅ LEVE MED DET: -Eg veit enno ikkje om det er nok å ikkje vere i kontakt med alle desse produkta, eller om berre kan utløyse ein reaksjon i seg sjølv, seier Birgitte Viksund

Foto: privat

– Eg fekk klar beskjed frå Haukeland om at eg aldri meir kan måle. Det er fleire månadar sidan me målte i huset hos kjærasten min, men framleis får eg reaksjonar av å vere her. Å dra på besøk til venner med nye hus eller gå inn i offentlege bygg som blir renovert, går ikkje lenger.

Også vaskemiddel og såper med stoffet i må Viksund halde seg langt unna.

– Tilnærma alle vaskemiddel, inkludert sprayar og skurekremar inneheld dette stoffet. På butikken har eg ikkje klart å finne ein shampoo eller balsam som ikkje har stoffet i seg.

– Må få liste over trygge produkt

Etter at ho publiserte eit innlegg på Facebook der ho fortalde om allergien, har ho blitt kontakta av mange som har fått same diagnosen, og som lurer på om ho kan hjelpe dei med å finne sikre produkt. Men informasjonen om kva ein skal gjere er vanskeleg å finne, seier Viksund.

– Det har gått meir og meir opp for meg kor alvorleg dette er. Eg føler meg litt som David i David og Goliat.

Birgitte Viksund

– Eg veit enno ikkje om det er nok å ikkje vere i kontakt med alle desse produkta, eller om berre det kan utløyse ein reaksjon i seg sjølv. Informasjonen er ikkje der, seier Viksund.

Ho ønskjer fyrst og fremst at stoffet blir fjerna frå produkta. Men også at det vert utarbeida ei liste over trygge produkt utan MI, og at ein merkar produkta som er frie for stoffet tydeleg.

– Dette stoffet er openbart ikkje noko som kan brukast, sidan det gjev oss dei reaksjonane det gjer. Det har gått meir og meir opp for meg kor alvorleg dette er. Eg føler meg litt som David i David og Goliat. Viss det at eg står fram kan føre til at produsentane tek meir ansvar, er det på ein måte mi hevn for det dei gjer for å tene pengar på oss forbrukarar.