Hopp til innhold

Austevoll krev fastlandssamband

Det er usikkert kva for kommune Austevoll vil slå seg saman med. Både Bergen og kommunane i Sunnhordland blir undersøkt for eventuell samanslåing, men ordføraren er sikker på at ho ikkje vil ha kommunesamanslåing før Austevoll får bru.

Årets gjestehavn

YNSKJER BRU: Utan fastlandsforbindelse meiner ordføraren i Austevoll at kommunesamanslåing blir vanskeleg. Her er flyfoto av Bekkjarvik på Austevoll.

Renate Møgster Klepsvik

YNSKJER BRU: Ordførar Renate Møgster Klepsvik (Frp) i Austevoll kommune ynskjer ikkje å slå seg saman med andre kommunar dersom Austevoll ikkje har fastlandsforbindelse.

Foto: Austevoll kommune

– Med eit framtidig fastlandssamband over til Reksteren så kan me vite kvar me høyrer til i ein større samanheng, seier ordførar Renate Møgster Klepsvik (Frp) i Austevoll kommune.

Som Noreg sin største øykommune utan bru til fastlandet, er det vanskeleg å sjå for seg samanslåing for Austevoll. Ferjene til og frå kommunen stoppar å gå om kvelden.

– Det gjer at me faktisk er isolert store delar av døgeret, og me er dermed avhengig av å ha alle tenestene stasjonert i kommunen, seier Klepsvik.

– Skil seg ut

Renate Møgster Klepsvik har ein stor jobb framføre seg, for som ordførar i Austevoll er ho forplikta til å finna ut av kva andre kommunar Austevoll skal slå seg saman med.

– Per i dag så vil eg seie Austevoll har mest igjen for å stå åleine, seier ho.

Tidlegare ordførar i Austevoll, Helge Andre Njåstad (Frp), er no leiar av kommunalkomiteen på Stortinget. Han forstår at samanslåing kan bli vanskeleg for Austevoll.

– Eg kjenner Austevoll sine utfordringar spesielt godt, og dei skil seg ut fordi er at dei per i dag ikkje har fastlandsforbindelse slik at ein ikkje kan køyre til eit nabokommunesenter, seier Njåstad.

– Spesielle utfordringar

Helge Andre Njåstad

ULEMPE: Leiar av kommunalkomiteen på Stortinget, Helge Andre Njåstad (Frp), seier det er ein ulempe for Austevoll å ikkje ha fastlandsforbindelse.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Helge Andre Njåstad meiner Austevoll gjer rett i å halda døra open både for samanslåing med Bergen, og med Sunnhordlandskommunane.

– Me ser spesielt på øykommunane sin situasjon saman med fjellkommunar, og kommunar i Finnmark som har lange avstandar. Det er nokon kommunar som vil ha spesielle utfordringar, seier Njåstad.

Ser du for deg at Austevoll blir ståande åleine når det nye kartet blir teikna?

– Eg skal vera forsiktig med å meine noko om enkeltkommunar, og spesielt Austevoll som eg kjem frå. Eg er opptatt av at alle kommunane gjer gode prosessar, og mitt inntrykk er at Austevoll vurderer alternativ og er klar til å konkludere våren 2016, seier Helge Andre Njåstad.