I dag kom konklusjonen i den eksterne granskinga av DNS som advokatfirmaet Dialog Advokater står bak.
Den konkluderer med at det ikkje eksisterer nokon fryktkultur eller mobbing på teateret, men at det for nokon av dei tilsette ikkje er eit forsvarleg psykososialt klima på arbeidsplassen.
- Bakgrunn:
Granskinga blei sett i gang etter at kommunikasjonsdirektør Finn Bjørn Tønder sa opp i protest mot direktør Bente Hartvedt Ringstad.
Han hevda mellom anna at Ringstad hadde ein diktatorisk leiarstil og at det var ein fryktkultur på huset.
Han reagerer sterkt på konklusjonen i rapporten.
– Tvert om stadfestar granskingsrapporten fryktkulturen. Dei brukar berre finare ord, og kallar det for eit dårleg psykososialt arbeidsmiljø og mangelfullt ytringsklima, seier Tønder.
– Inga uavhengig gransking
Advokatfirmaet bak granskinga blei hyra inn av styret på teateret, og Tønder meiner dermed at rapporten ikkje har særleg tyngde.
– Rapporten er eit bestillingsverk, ikkje ei uavhengig gransking. Advokaten har jobba på oppdrag for styret og teatersjefen.
Tønder set spørsmålsteikn ved at direktør Ringstad får halda fram i stillinga si ved DNS.
– Det forundrar meg at Ringstad sit trygt etter dette. Men ho sit trygt fordi styreleiaren og teatersjefen er livredde for sine jobbar. Hadde Ringstad måtta gå, måtte dei to andre også gått, ifølge Tønder.
– Kjem ikkje til å bli endring
Han har liten tru på at ein skal klara å retta opp i utfordringane i arbeidsmiljøet.
– Styreleiar Sundland og teatersjef Haaland seier at alt no skal bli betre. Det har dei sagt to gonger før, og dei har brukt rundt 10 millionar kroner på arbeidsmiljøproblema ved teateret utan å klara å løysa dei. No seier dei same menneska at dei skal løysa dette endå ein gong.
- Les meir:
Direktøren ved DNS meiner rapporten er tydeleg i sin konklusjon.
– Det er bra at dei grove påstandane som blei sett fram frå Tønder er klart tilbakevist, og no er det på tide at me som jobbar i DNS får moglegheit til å sjå framover og skapa godt teater for folk i Bergen, seier Hartvedt Ringstad.
Les meir: