Hopp til innhold

– Nytt håp for Hardangervidda

Statens vegvesen ville droppe fjellovergangen. Men samferdselsministeren vil vurdera Hardangervidda vidare. – Godt nytt for alle som kjempar for den kortaste vegen.

Kolonnekjøring

MED I KONKURRANSEN: Samferdelsministeren tok ikkje ei avgjerd om kva som blir hovudveg nummer to mellom aust og vest, og spelar ballen tilbake til Statens vegvesen. Dermed er det nytt håp for riksveg 7 over Hardangervidda.

Foto: Geir Brekke / SCANPIX

Med dagens avgjerd frå samferdselsministeren er det nytt håp for fjellovergangen på riksveg 7.

Ikkje uventa gjekk Ketil Solvik-Olsen (Frp) inn for E134 som ein av vegane som skal satsast på mellom aust og vest, men det er no opent om kva som blir hovudveg nummer to.

No står det mellom Hardangervidda og riksveg 52 over Hemsedal.

– Dette er godt nytt for alle i Hordaland som har meint at Hardangervidda bør vera ein av hovudvegane mellom aust og vest. Det er den kortaste vegen mellom Bergen og austlandsområdet, seier stortingspolitikar Helge Andre Njåstad (Frp) til NRK.

Helge André Njåastad (Frp) utenfor Stortinget

Helge Andre Njåstad (Frp) sit på Stortinget og er leiar for kommunalkomiteen.

Foto: Andrea Øien Sæverud / NPK

«Underdog»

Samferdselsministeren har sidan han vart statsråd «testa» alle overgangane mellom aust og vest. Medan alle har vore einige i at E134 er beste alternativet i sør, har diskusjonane om kva som skal vera hovudvegen i nord vore knallhard.

Riksveg 7 over Hardangervidda har vore «underdogen», heilt sidan Vegvesenet i sine utgreiingar gjekk vekk frå fjellovergangen som eit godt alternativ.

– Det har vore eit stort engasjement for fjellovergangen og politikarane har gjort ein god jobb for å sikra at riksveg 7 er med vidare i kampen, seier Njåstad.

Eitt av ynskja for fjellovergangen er å bygga ein eller fleire tunnelar under Hardangervidda, noko som vil gjera at vegen vil vera meir open om vinteren enn det den er i dag. Både uvêr og villrein gjer at vegen dei siste åra har vore mest stengt av fjellovergangane.

Riksvei sju er stengt på grunn av villrein.

Stengt riksveg 7 er ikkje eit uvanleg syn om vinteren.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Vurderer Hemsedal og Hardangervidda

Med dagens avgjerd kjøper regjeringa seg litt tid fram mot neste Nasjonal transportplan (NTP), før dei endeleg bestemmer seg for kor dei store summane skal leggast.

Samferdselsministeren spelte ballen over igjen til Statens vegvesen, og vil dei skal gjera ei ny utgreiing. Dei har eitt år på seg til neste NTP skal leggast fram.

Ifølge Solvik-Olsen vil lastebilnæringen ha riksveg 52, fordi det er mindre høgdeforskjellar på den vegen. Andre argumenterer for at riksveg 7 er kortare.

– Vidare utgreiingar skal kartlegga kva som er mest praktisk fornuftig, sa Solvik-Olsen.

– Det er heilt greitt at ein vil bruka litt lenger tid på å konkludera om veg i nord. No får vi moglegheita til å kjempa vidare for Hardangervidda, avsluttar Njåstad.