NRK Hedmark og Oppland - Lokale nyheter, TV og radio

SISTE NYTT:

  • Etterforskar valdtektsforsøk

    Natt til sundag skal ei kvinne ha blitt forsøkt valdteke i Hamar sentrum. Valdtekta vart ikkje fullbyrda, og kvinna skal ha greidd å rive seg laus og fått hjelp av forbipasserande. Saka blir etterforska. Elles kan politiet melde om ei natt på det jamne med mindre ordensforstyrrelsar. Veret har truleg sett ein dempar på utelivet, seier Tom Kristiansen ved operasjonssentralen i Hedmark.

  • Skredfare og glatte hovudvegar

    Det er sjeldan varsom.no melder om faregrad tre her over så lang tid, seier verten i Leirvassbu, Ole Jacob Grindvold.

    – Men det er høgst reelt, for berre i dag har det vore tre mindre skred her, seier han. Nedbøren har også ført til ein del glatte hovudvegar i distriktet vårt, og operasjonssentralen åtvarar mot glatte hovudvegar.

    Ras ved Leirvassbu
    Foto: Ole Jacob Grindvold
  • Elverum framleis på topp

    Då Elverum tok i mot HamKam i kveld, sette dei tidleg press på gjestane. Det var Elverum fyrst og Elverum sist, og då dommaren bles stod det 5 - 0 på resultattavla. Ein overbevisande siger og framleis trygt på tabelltoppen i 2.divisjon. Det vart også målrikt då Tynset tok i mot Strindheim, med sluttresultatet 3 - 5. Brumundal som har vunne to kampar på rad, tapte 1 - 2 mot Brattvåg. Og i kampen NIL Trysil - Hønefoss, vart sluttresultatet 3 - 2.

  • Ti personer tatt av snøskred

    Ei gruppe på ti personar var involvert i eit snøskred på Sognefjeldet i ettermiddag. To av dei skal vere skadd, men dei er ikkje livstruande skadd, seier redningsleiar Børge Galta ved hovudredningssentralen Sør Norge. Raset gjekk om lag ein kilometer vest for Steindalsnosi, melder GD. Det er betydeleg skredfare i dette området etter snøfallet dei siste dagane.

  • Ryddedag langs E6

    Mange skal bruke helga til å rydde søppel i grøftekantane. Ein av dei er Daniel Kjelshus frå Lora. Målet er å samle inn pengar til å dra på Norway Cup. – Folk køyrer ubehageleg nære og det sprutar vann. Eg er vel ikkje redd, men vi er alltid på vakt, seier han. Og han oppmodar bilistane om å vise omsyn til reflekskledde folk langs vegen.

    Daniel Kjelshus
    Foto: Even Lusæter / nrk

TV og Radio

Flyktninger får råd om høyere utdanning ved HiL
Lokalprodusert mat
Lagrene av svinekjøtt er femdoblet siden årsskiftet. Bøndene risikerer store økonomiske tap.
Distriktsnyheter Østnytt (Hedmark og Oppland). TV

Distriktsnyheter Østnytt

Distriktsnyheter Østnytt (Hedmark og Oppland). TV

Distriktssendinger fra NRK Hedmark og Oppland. RADIO

Distriktsnyheter

Distriktssendinger fra NRK Hedmark og Oppland. RADIO