Hopp til innhold

Korrupsjonssikta slept fri

Den mannlege saksbehandlaren i Drammen kommune som er sikta for grov korrupsjon, blir i dag slept fri frå varetekt. Han skal ha fått tilbod om politivern.

Siktede ankommer Drammen politistasjon sammen med sin advokat

Den mannlege saksbehandlaren møtte opp hos politiet saman med sin advokat den 20. januar. Etter det har mannen skifta advokat.

Foto: Ingar Andreassen / NRK

Mannen blir i dag slept fri etter seks veker i varetekt, stadfester politiadvokat i Søndre Buskerud politidistrikt, Hans Lyder Haare. Det er ikkje lenger fare for at bevis kan gå tapt meiner politiet.

Hans Lyder Haare

Politiadvokat Hans Lyder Haare i søre Buskerud seier det korrupsjonstiltalte mannen slepp fri frå varetekt fordi det ikkje er fare for at bevis kan gå tapt.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Mannen har blitt avhøyrt fleire gongar i tida han var sitte i varetekt, og han har gitt ei detaljert forklaring sidan han melde seg for politiet 20. januar og vart varetektsfengsla.

– Han må likevel rekne med at det blir fleire avhøyr dersom det kjem opp ny informasjon frå andre vi skal avhøyre i samband med saka, seier Haare.

Stor korrupsjonssak

Ei kvinne er sikta for å ha tatt betalt for å godkjenne byggesøknadar og endringar av bygg. Ifølgje politiet skal ho ha motteke fleire hundre tusen kroner over fleire år. Førebels inngår tretti ulike byggjesaker i politiets etterforsking. Mannen som i dag vart slept fri, var kollega av den kvinnelege saksbehandlaren og vart varetektsfengsla kort tid etter, sikta for å ha samarbeid med kvinna i korrupsjonssaka.

Både fråskilling av hyblar på kjellarar og loft og bygging av heile hus inngår i sakene politiet baserer siktinga på. Dei skal ha blitt godkjende etter innbetaling av pengar under bordet, ifølgje tiltalen.

Les og:

Kan få politivern

Utbyggere møter til politiavhør i Drammen

Fleire utbyggarar er og sikta for korrupsjon. Dei skal ha betalt for å få fått byggjeløyve frå dei korrupsjonstiltalte saksbehandlarane.

Foto: Bjørn Olav Nordahl / NRK

Saksbehandlaren i Drammen kommune har fått tilbod om vern av politiet når han slepp ut frå varetektsfengsel, seier mannen sin forsvarar, Mette Yvonne Larsen.

– Eg har oppfatta det slik at politiet har tenkt at når han kjem ut, kan han få problem, seier Larsen.

Kva som er årsaka til at politiet vil beskytte han, ønsker ikkje Larsen å seie meir om. Politiet vil korkje bekrefte eller avkrefte opplysningane frå forsvararen.

Larsen har tidlegare sagt at mannen har ei panikkliding som gjer at det er vanskeleg for han å sitte innelåst. Han uroar seg og for sjukdom i familien, som skal gjere det vanskeleg for han å sitte i fengsel.