Var det eit kupp?

Andre statsleiarar vil ikkje bruke ordet «kupp» om maktovertakinga i Egypt. Men i vanleg språkbruk er jo det som skjedde sjølve definisjonen på eit kupp.

Feiring i Kairo

Folk feirar på Tahrirplassen med eit portrett av hærens leder Abdel Fattah al-Sisi.

Foto: KHALED DESOUKI / Afp
Knut S. Vikør
Professor i Midtausten-historie ved Universitetet i Bergen
Kronikkvignett Ytring

Hundretusenar i gatene Egypt over kravde Morsis avgang, og fekk det. Andre ti- eller hundretusenar kravde at han skulle bli sitjande, og tapte. Mursi seier han framleis er den lovleg valde presidenten, mens interimpresident og tidlegare øvste dommar Adli Mansour avlegg eden.

Korleis kan dei tapande reagere? Kva er moglege utviklingar framover? Og var det eit kupp eller var det det ikkje?

FØLG UTVIKLINGA I EGYPT: NRKs samleside

Sjølve definisjonen på eit kupp

Dei på Tahrir reagerer på at dei militæres handlingar kan kallast eit kupp, og både USA og andre statsleiarar passar seg vel for å bruke ordet (sidan det hindrar seinare samarbeid med det nye styret).

I vanlig språkbruk er jo det skjedde sjølve definisjonen på eit kupp: dei militære har avsatt ein vald president berre eitt år inne i hans valperiode.

Knut S. Vikør, professor

I vanleg språkbruk er jo det skjedde sjølve definisjonen på eit kupp: dei militære har sett av ein vald president berre eitt år inne i hans valperiode. Men det er eit kupp som ikkje var provosert fram av militæret sjøl, men av massedemonstrasjonar. Demonstrantane er ikkje folket, som dei sjøl (og mange vestlege media) seier, for det er delt i (minst) to. Men dei representerer openbert ein stor del av folket.

Slik er det eit kupp med brei støtte, men det er ikkje desto mindre eit kupp.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter

Landets einaste godt organiserte parti

Det viktige nå blir kva som skjer vidare. Skal vi ta dei nye styrarane på ordet, så skal den politiske prosessen komme i gang igjen snart, «utan nokre eksklusjonar», som dei sa – det må da bety at også Brorskapet skal kunne fortsette å spille ei rolle. Truleg ville noko anna også vere umogeleg, om ein ikkje skal gå tilbake til Mubarak-styrets undertrykking.

Og trass i den motstanden som vi har sett, så er framleis Brorskapet Egypts einaste godt organiserte og landsomfattande parti, og vil bli det største av dei partia vi kan sjå i dag. Det kan heldigvis også virke modererande på det sinnet som Brorskapets folk nok kjenner i kveld: Dei vil kunne komme tilbake, berre vi får regulære val igjen.

Trass i den motstanden som vi har sett, så er fortsatt Brorskapet Egypts einaste godt organiserte og landsomfattande parti, og vil bli det største av dei partia vi kan sjå i dag.

Knut Vikør, professor

Det veit også både militæret og opposisjonen. Derfor kan dei meine at «Brorskapet har nå hatt sin sjanse», og legge konstitusjonelle kjelkar i vegen for at Brorskapet skal kunne delta i vala, slik som dei (vonleg mellombels) stengte ned Brorskapets TV-stasjon og arresterte nokre av toppleiarane.

Dei kan som i Tyrkia forby parti med religiøse namn eller identitet å stille til val – men alle islamistparti har nøytrale namn som «fridom, rettferd, utvikling»; og å forby ein politikk er vanskeleg. I Egypt ville det vere å ekskludere kanskje ein tredel av veljarmassen frå å uttrykke seg, om vi legg minimumstala for islamistiske parti saman. Det er truleg umogeleg i eit system basert på val.

Har hatt sin sjanse

Kretsar i dei militære, og særleg dei gamle, kan kanskje da også meine at «val-demokratiet» har hatt sin sjanse og lengtar tilbake til den gamle orden. Men dei som er i gatene, og spesielt deira talsmenn, den liberale opposisjonen, treng eit parlamentarisk system for å ha den innverknaden dei ønsker, dei kan ikkje håpe å hevde seg gjennom dei militære.

Derfor er det grunn til å tru på løftet om at vi får nye opne president- og parlamentsval; og med Brorskapet ute av spel, kan det vere at domstolane, Morsis arge fiendar, er meir velvillige til å sette opp eit system som faktisk blir godkjent av dei. Det er det positive bildet.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Euforien kan fordufte

Det negative er truleg at euforien til dei som nå har vunne frå Tahrir kan fordufte, slik det gjorde førre gong.

Det negative er trulig at euforien til dei som nå har vunne frå Tahrir kan fordufte, slik det gjorde førre gong.

Knut S. Vikør, professor

Opposisjonspartia har hatt noko erfaring med samarbeid nå, mens Tamarrud-rørsla, som sette det heile i gang kanskje eller kanskje ikkje kjenner seg igjen i desse små partia. Klarer dei faktisk å samle seg rundt ein politikk og ein kandidat, så står dei openbert sterkt. Men om sosialistar, nasseristar, liberale og liberal-islamistar held fram å køyre fram kvar sine folk, nå som "fienden" er slått ut, så er det nok ei rørsle som er både relativt urørt av kuppet og har vist evne til å mobilisere: salafistane som kan komme til å bli dei som dreg størst gevinst av dette kuppet mot Egypts første valde islamistiske president.

Og kva med smitteeffekten?

Tunisia har fått si Tamarrud-rørsle, i Marokko styrkar dei gamle partia seg, og i Libya er det ustabilt. Assad kan trekkje eit lettens sukk, Mursi gjekk langt i krevje internasjonal intervensjon i Syria, nå forsvinn den røysta.

Dei som kanskje blir mest berørt er Hamas i Gaza. Dei er ein direkte avleggjar av det palestinske Muslimske brorskapet og rekna med støtte frå nabolandet Egypt, i det minste for å komme over splittinga med PLO-leiinga på Vestbreidda. Dei militære i Egypt er kjent for å vere langt meir komfortable med å samarbeide praktisk med Israel, men skal altså ikkje drive utanrikspolitikken sjøl. Likevel kan endringane nå få direkte konsekvensar for den politiske situasjonen i Palestina, så vil det vise seg kor stor betydning det får for resten av arabarverda at «den islamistiske bølga er broten», enn så lenge.