NRK Meny
Kommentar

Triumf med bismak for Merkel

For Angela Merkel har braksigeren i valet ein kraftig bismak. Fleirtalet i parlamentet flytta seg nemleg frå høgre til venstre med knappast mogeleg margin. Det kan få politiske føljer ...

Angela Merkel (CDU) i TV-studio med Peer Steinbrueck (SPD) og Juergen Trittin (Die Gruenen)

Konservative Angela Merkel har vunne ein overtydande siger, men det er eit knappast mogeleg raudgrønt fleirtal i parlamentet.

Foto: JOHANNES EISELE / Afp

Det blir fire nye år med Angela Merkel, men det er uklart korleis regjeringa vil sjå ut. Merkels parti fekk nesten fleirtal aleine, men berre nesten.

Ho må til venstre for å finne koalisjonspartnar, og det blir ikkje berre enkelt.

Det mest sannsynlege utfallet er ein storkoalisjon mellom Merkels konservative kristelegdemokratar og sosialdemokratane, samtalar er allereie i gang. Noko som kan endre politikken både i Tyskland og Europa.

Eit oppsiktsvekkjande val

Det påstått kjedelege valet i Tyskland, blei oppsiktsvekkjande på mange plan. Angela Merkel og hennar kristelegdemokratar, CDU, gjorde eit brakval – endå betre enn målingane.

FDP, som har vore juniorpartnar i tallause tyske regjeringar, fell ut av parlamentet for første gong på meir enn femti år. Det er eit tysk politisk drama.

Knut Magnus Berge, kommentator i NRK

Knappe 42 prosent for CDU og det bayerske søsterpartiet CSU.

Med Merkel i spissen stod dermed CDU/CSU, som har felles parlamentsgruppe i Forbundsdagen, for den største valtriumfen sidan den tyske samlinga.

Taparen 1

Like oppsiktsvekkjande var koalisjonspartnaren fridemokratane FDPs monumentale nederlag.

Den liberale juniorpartnaren i Merkels sentrumhøgre-regjering tapte to tredelar av oppslutninga sidan førre val, og enda under sperregrensa på fem prosent.

Dermed fell FDP, som har vore juniorpartnar i tallause tyske regjeringar, ut av parlamentet for første gong på meir enn femti år. Det er eit tysk politisk drama.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Inga raudgrøn regjering

Dessutan er valresultatet paradoksalt. Konservative Merkel har vunne ein overtydande siger, men mista fleirtalet på høgresida i politikken. Det er no eit knappast mogeleg fleirtal til venstre for henne i parlamentet.

Sosialdemokratane og deira alliansepartnar Dei Grøne har ikkje fleirtal, men dersom ein tar med partiet Die Linke blir det eit raudt, raudt og grønt fleirtal. Die Linke har sine røter i kommunistpartiet i DDR, og er eit parti ingen vil samarbeide med, heller ikkje sosialdemokratane.

Sosialdemokratane og Dei Grøne har ikkje fleirtal utan Die Linke. Die Linke har sine røter i kommunistpartiet i DDR, men er eit parti ingen vil samarbeide med. Heller ikkje sosialdemokratane.

Knut Magnus Berge, kommentator i NRK

Dermed kan ei kvar form for raudgrøn regjering utelukkast.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

Storkoalisjon?

Angela Merkel held altså fram som kanslar, men må finne seg ein ny partner til venstre for seg.

Der er det to alternativ. Ho kan få fleirtal med Dei Grøne, men noko slikt samarbeid har aldri skjedd før i Tyskland, og er lite sannsynleg.

Derfor har ho innleia samtalar med med eit motvillig sosialdemokratisk parti. Med sikte på ein ny storkoalisjon – lik den første Merkelregjeringa frå 2005 til 2009.

Taparen 2

Dermed oppstår følgande paradoks: Sosialdemokratane er, saman med Fridemokratane, valets taparar. SPD står så svakt at partiet vegrar seg mot å gå i regjering med Merkel, og vil kreve betydeleg gjennomslag i forhandlingane. Merkel, på si side, er avhengig av å få sosialdemokratane med.

SPDs veikskap kan bli deira styrke i forhandlingane.

Rett nok gjekk sosialdemokratane litt fram samanlikna med katastrofevalet i 2009, men SPD ligg med drygt 25 prosent langt under den oppslutninga partiet tar mål av seg til å ha.

Og mange sosialdemokratar meiner hovudgrunnen til katastrofevalet i 2009 nettopp var deltakinga i Merkels første regjering – storkoalisjonen frå 2005 til 2009.

Politiske endringar 1

Ein tysk storkoalisjon kan dermed gi endringar i politikken, både heime og i Europa.

Innanriks har sosial rettferd og krav om lovfesta minsteløn vore den store saka for sosialdemokratane. Sosiale rettar er bygde ned i Tyskland etter årtusenskiftet – ikkje minst gjennom reformene til sosialdemokratanes førre statsminister Gerhard Schröder.

Sosial rettferd og krav om lovfesta minsteløn har vore den store saka for sosialdemokratane. Sosiale rettar er bygde ned i Tyskland etter årtusenskiftet.

Knut Magnus Berge, kommentator i NRK

No krev Schröders etterfølgjarar at dei mest dramatiske utslaga blir retta opp. Dei mange underbetalte – som har timelønar lågare enn sosialhjelpsatsane – skal sikrast gjennom ei lovfesta minsteløn. Dette er eit krav sosialdemokratane vil stå hardt på i forhandlingane, og Merkel er på glid.

Politiske endringar 2

I Europapolitikken har sosialdemokratane stemt for Merkels linje dei siste åra -store endringar er dermed ikkje å vente. Men gjennom valkampen har SPD gått kraftig til åtak på konsekvensane av den europeiske sparepolitikken, der millionar av unge er kasta ut i arbeidsløyse.

I dei kriseråka landa er Angela Merkel blitt sjølve symbolet på knallharde krav til innstrammingar i nasjonale budsjett, som motyting for økonomiske redningspakker.

Og Tysklands posisjon innan EU er i dag så sterk at sjølv mindre endringar i tysk politikk – med litt mildare krav til sparing og litt større fokus på vekstfremmande tiltak – kan gi store endringar for kriselanda i sør.

Fire nye år

Det tyske valet kan altså virke uspennande på overflata; fire nye år for Merkel – berre regjeringas samansetning endrar seg.

Men faktum er at det tyske valet er oppsiktsvekkjande på fleire plan, og at det kan gi viktige endringar i politikken – både i Tyskland og Europa.

Meir i NRK nett-TV: Angela Merkel – kanslaren frå Øst-Berlin

Les også: Tysklands raudgrøne røre