Hopp til innhold
Kommentar

Tysklands raudgrøne røre

Det tyske valet kan fort ende med raudgrønt fleirtal – og konservativ statsminister. Korleis kan det ha seg?

Germany Elections

Statsministerkandidat og leiar for Sozialdemokratische Partei Deutschlands (SPD), Peer Steinbrück, vil ikkje ha særleg nytte av eit eventuelt raudgrønt fleirtal, skriv Knut Magnus Berge. Her taler Steinbrück til sine eigne i Wesel tysdag 17. september.

Foto: Roland Weihrauch / Ap

Eg ser ut over eit folkehav framfor Brandenburger Tor i Berlin, Europas mest symboltunge talarstol. Politiet meiner meir enn hundre tusen menneske er møtte fram denne augustkvelden. Europas eldste sosialdemokratiske parti, tyske SPD, feirar 150 år. Statsministerkandidat Peer Steinbrück talar til sine eigne. Det skulle vere jubel, men tar aldri heilt av. Ikkje ein gong her. Alle veit at slaget er tapt. Kvifor det eigentleg?

SJÅ OGSÅ KVELDENS URIX: Om det tyske valet

Raud, raud og grøn

Kortversjonen: Peer Steinbrücks jubilerande SPD og partiet Dei Grøne går til val som regjeringsalternativ til Angela Merkels liberalkonservative koalisjon. Men for å kunne få fleirtal må dei ha med seg partiet på ytste venstre, Die Linke, eit parti SPD nektar å samarbeide med. Derfor blir Angela Merkel statsminister – nær sagt uansett.

Statsministerkandidat Peer Steinbrück talar til sine eigne. Det skulle vere jubel, men tar aldri heilt av. Ikkje ein gong her. Alle veit at slaget er tapt. Kvifor det eigentleg?

Knut Magnus Berge, kommentator i NRK

Ein meir utfyllande versjon: Samlinga av Tyskland blei gjennomført ved at DDR blei oppløyst og innlemma i den vesttyske Forbundsrepublikken. Det var altså ikkje to statar som slo seg saman, men ein stat som slukte den andre. Kommunistpartiet i DDR derimot, blei ført vidare i det samla Tyskland i ein moderert versjon, under namnet PDS, Partiet for demokratisk sosialisme. Ekskommunistane gjorde det påfallande bra i aust, men var ubetydelege i vest. Inntil 2007. Då slo PDS saman med ei gruppe venstreavhopparar frå sosialdemokratiske SPD. Og tok namnet Die Linke.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook

Kommunistar – og eigne svikarar

– Minsteløn, barnehageplassar og sosial rettferd, messar Steinbrück frå talarstolen framfor Brandenburger Tor. Rundt oss står pølsebuene, og ølet flyt. Likevel er stemninga avmålt. – Noko samarbeid men Die Linke blir ikkje aktuelt, slår Steinbrück fast.

Sett på spissen og med auga til SPD er nemleg Die Linke følgande; tidlegare DDR-kommunistar, samt ein gjeng svikarar frå SPDs eigne rekker.
Og, igjen sett med SPD-auge, og for å toppe det heile; SPDs gamle partileiar Oscar Lafontaine var blant avhopparane og blei Die Linkes mangeårige frontfigur. Derfor vil ikkje SPD ta i Die Linke med eldtong – på riksplan.

LES OGSÅ: Tysk kjærleik

Dødt løp

Akkurat no er det dødt løp på målingane mellom Angela Merkels liberalkonservative regjeringskoalisjonen og den raude og grøne opposisjonen. Men leiinga i SPD vil heller gå i storkoalisjon med Merkels kristelegdemokratar, enn å innleie noko fast samarbeid med Die Linke.

Sett på spissen og med auga til SPD er nemleg Die Linke følgande; tidlegare DDR-kommunistar, samt ein gjeng svikarar frå SPDs eigne rekker.

Knut Magnus Berge, kommentator i NRK

Det er som om Høgre og Arbeidarpartiet skulle regjere saman i Norge. Peer Steinbrück – som står framfor meg og hakkar laus på Angela Merkel – var hennar finansminister i den førre storkoalisjonen, mellom 2005 og 2009.

Merkels kristelegdemokratar, CDU, blir truleg valets store vinnar, med nær 40 prosent av stemmene. Dei regjerer i dag i koalisjon med dei liberale Fridemokratane, som kan bli valets store tapar. Partiet balanserer no på sperregrensa – havnar dei under misser den liberalkonseravtive regjeringskoalisjonen fleirtalet til dei raude og grøne.
Men altså til liten nytte for Steinbrück, som sveittar lett der oppe på talarstolen.

FØLG DEBATTEN: @NRKytring på twitter

Merkel eller Merkel

Dei andre store taparane i dette valet står nemleg samla rundt meg – i seinsommarsol i Berlin. Kameratane som under Willy Brandt mønstra nær halvparten av veljarane. No ligg det stolte sosialdemokratiske folkepartiet nede. SPD har godt under 30 prosent oppslutning på målingane. Deira alliansepartnar Dei Grøne er også på veg ned og kan hamne rundt 10 prosent. Men med Die Linke kunne det blitt fleirtal.

Dermed står ein i realiteten igjen med to alternativ – Merkel og Merkel.

Knut Magnus Berge, kommentator i NRK

Det er altså to grunnar til at det fleirtalet uansett aldri vil bli brukt: Som sagt, (1) SPD vil ikkje ha noko med Die Linke å gjere, og (2) SPD gjer uansett eit så dårleg val at partiet ikkje får noko mandat frå veljarane til å gå i spissen for ei regjering. Dermed står ein i realiteten igjen med to alternativ – Merkel og Merkel.

Enten held ho fram som kanslar i spissen for dagens liberalkonservative koalisjon – dersom Fridemokratane overlever valet og dei to partia til saman får fleirtal. Eller så dannar ho ein storkoalisjon med erkerivalen SPD, lik den ho også leia i sin første kanslerperiode frå 2005 til 2009. Andre utfall av det tyske valet er heilt usannsynlege.

Steinbrück på siste verset

Framfor Brandenburger Tor har statsministerkandidaten halde på i innpå ein time. Forsamlinga er meir enn forsynt av både øl, pølser og Steinbrück. Også karrieremessig syng han truleg på siste verset. Han opnar for storkoalisjon med Merkel, men vil ikkje sjølv gå inn i regjeringa. Og det eventuelle raude og grøne fleirtalet, vil han uansett ikkje ha særleg nytte av.

Det er freistande å sitere Carl Bildt som ein gong hadde følgande karakteristikk av svensk venstreside: – En rødgrøn røra!