Hopp til innhold
Kronikk

Regjeringa flår Oslo – hurra!

Eg kunne knapt ha ønska meg eit meir gledeleg pushvarsel: Oslo kan tape nær ein halv milliard i året.

Rådhuskaia og Aker brygge i Oslo sett fra Akershus festning.

Det er i Distrikts-Noreg at verdiane blir til. Då er det på sin plass at vi også får ein større del av kaka når pengane skal fordelast, skriv kronikkforfattaren.

Foto: Shutterstock

Det er ikkje noko synd i Oslo. Gjennom altfor mange år har hovudstaden og dei største byane våre vorte prioritert framfor Distrikts-Noreg. Arbeidsplassar, velferdstilbod og store pengar har vorte sentralisert inn til Oslo, medan verdiskapande folk på bygda sitt igjen med lite og ingenting.

Endeleg snur det.

«Oslo kan tape nær en halv milliard i året: – Bonderegjeringa flår Oslo», var meldinga som lyste opp på mobilen då regjeringa la fram eit nytt inntektssystem for kommunane.

Det er jo fantastisk!

Eg heiar på politikarar som tør å ta viktige, men tøffe, politiske grep. Medan folk i distrikta tidlegare måtte punge ut på titusenvis for ferjebillettar, er mange ferjer no gratis eller har veldig redusert pris. Har vi gløymt dette?

«Eg er drit lei Oslo-folk som klagar over si store naud»

Nedlagde politikontor er gjenopna, tingrettar kjem tilbake, meir pengar til skular og eldreomsorg i distrikta, gratis barnehage i Nord-Troms og Finnmark, auka pendlarfrådrag og rekordstore jordbruksoppgjer. Lista er lang.

Oslo hadde ikkje vore noko utan resten av landet.

Det er i Distrikts-Noreg at verdiane blir til, då er det på sin plass at vi også får ein større del av kaka når pengane skal fordelast. Alle er tent med at vi minskar dei geografiske skilnadane våre, inkludert Oslo.

Det er ikkje sånn at eg har noko i mot hovudstaden. Oslo er byen eg har budd, studert og arbeidd i dei siste to åra. Det har vore nokre interessante år, men med fleire bisarre opplevingar. Mellom anna har eg observert folk som klagar på at dei ikkje rakk t-bana, og no må vente sju minutt på neste.

Samstundes er det fakta at det fleire plassar berre er skulebussen som snirklar seg rundt på dårlege og rasutsette vegar som er kollektivtilbodet.

«Oslo hadde ikkje vore noko utan resten av landet»

Oslo har, som alle andre kommune og fylke, sine utfordringar. Både gjengkriminalitet, aukande skilnadar og ein hardt pressa bustadmarknad er nokre av problema som må løysast.

Likevel har eg til gode å sjå dødelege og rasutsette vegar, folk som må køyre timevis til næraste sjukehus, manglande kulturtilbod, høge hurtigbåtprisar, eigedom som sekk i verdi etter kjøp og manglande nærvær frå politiet.

Eg er drit lei Oslo-folk som klagar over si store naud, utan å klare å sjå at landet er større enn berre hovudstaden. Dei får god hjelp frå hovudstadsmedia som også er med på å bygge under den same historieforteljinga om det fæle tilværet innanfor ring 3.

Og om livet er så forferdeleg i Oslo – kvifor ikkje då flytte til fjord og fjell i Distrikts-Noreg?

Les også Lokk oss ut på landet

Johanne Refseth smilende i gul regnfrakk i en bygate.