Hopp til innhold
Kronikk

På tide med eit prinsippoppgjer

Det går mot jordbruksforhandlingar. Utan jordbrukspolitikk. Det bør næringa nytte til å syne oss kva dei eigentleg vil.

Bonde inspiserer et jorde med hvete etter kraftige regn

«Situasjonen vi har no syner oss meir enn nokon gong at vi ikkje kan overlate ansvaret den politiske styringa for matproduksjonen vår til politikarar», skriv kronikkforfattarane.

Foto: Ian Hodgson / Reuters Creative

Førre veke oppdaga vi at flaggskipet til Landbruks- og matdepartementet, jordbruksmeldinga, i beste fall er i ferd med å gå på grunn. Dette vert feira som ein siger innanfor jordbruket, som vekslar mellom å ville at alt skal vere som det er og klage over alt som er det er.

For alle involverte veit at det ikkje står særleg bra til med norsk jordbruk.

Den reelle sjølvforsyningsgrada går nedover, areal ut av bruk, fôrimporten og gjeldsnivået aukar og vi klarar ikkje å balansere produksjonen av kjøt og mjølk opp mot etterspurnaden: Det er overproduksjon på mjølk, sau, svin og kylling. Jordbruket har ingen løysing.

Med det ytingskravet som no ligg på norske mjølkekyr, må 70 prosent av kraftfôrråvarene importerast. Ei ku får i snitt 2500 kilo kraftfôr i året, mykje meir enn mjølkekyr i andre land. Av dette er altså 1750 kilo importert, og kyrne hentar tre gonger så mykje næring frå utlandet som frå beite i Noreg. Kva er svaret frå næringa? Meir mjølk per ku – og ei Nyt Norge-merking som gjev stadig mindre merking.

Noko må gjerast. Helst fort. Kven viser veg?

Syn oss kva de vil

Om den statlege grunnstøytinga endar i havari, står att å sjå. Men sikkert er det at utsettinga fører til at bøndene går inn i jordbruksforhandlingane utan å vite kva jordbrukspolitikk departementet vil ha å forhandle med: Meldinga skal etter planen vedtakast dagen før jordbruket skal presentere sine krav til årets jordbruksforhandlingar.

«Det gjer det vanskeleg for oss å planlegge», seier norsk jordbruk. «Det er eit høve de bør nytte til å syne oss kva de eigentleg vil», seier vi.

Kva om norsk jordbruk nytta dette udefinerbare høvet til å levere eit krav som ville gje dei det jordbruket dei aller helst vil ha?

Sidan forhandlingsinstituttet mellom staten og bondeorganisasjonane vart stifta, har store delar av næringa spelt på politikarane sitt lag: Forhandlingane vert nytta som lobby, der krava er tilpassa det politiske handlingsrommet ein reknar med ein får.

Ikkje uforståeleg, men like fullt unyttig: Det gjev oss eit jordbruk i skyttargravene, som bruker alle krefter på å forsvare eit utslitt system i staden for å fortelje oss – forbrukarar, veljar og politikarar – kva som eigentleg bør gjerast.

Kva om norsk jordbruk nytta dette udefinerbare høvet til å levere eit krav som ville gje dei det jordbruket dei aller helst vil ha? Noko meir kreativt, meir framtidsretta enn auka statlege løyvingar til ein volumproduksjon det ikkje er marknad for, til dømes?

Ei alternativ melding

I all audmjukskap kan vil tilby dei litt starthjelp.

Landbruksnæringa var ikkje aleine om å frykte kva konsekvensar sterkare dominans frå rådande liberal ideologi ville få på matproduksjonen i Noreg. Det var lite som tyde på at Dales melding ville vere godt nytt for norsk gras og gulrot – og ho var det heller ikkje. Kostnadseffektiv matproduksjon er verken mål eller middel for norsk jordbruk.

Kostnadseffektiv matproduksjon er verken mål eller middel for norsk jordbruk.

Dale bommar nemleg på problemet. Og utan riktig problem, kjem ein heller ikkje til rett løysing:

Dersom manglande sjølvforsyning og sviktande økonomi handlar om manglande effektivitet, er løysinga færre og større gardsbruk. Dersom årsaka til problema derimot er produksjon utan ressursgrunnlag, driftsøkonomi og etterspurnad, krevjast andre løysingar.

Enkle prinsipp for norsk jordbruk

Difor har Alliansen ny Landbrukspolitikk skrive ei alternativ landbruksmelding, der ein mellom anna kjem fram til at ein ny jordbrukspolitikk må formast ut ifrå nokre grunnleggande prinsipp:

  • Det må løne seg å bruke norsk jord. Difor må importerte fôrråvarer aldri vere billegare enn gardens eige gras, slik det er i dag. Konsekvens: prisen på kraftfôr må opp.
  • Sidan næringskjeda til jordbruket byrjar med planteproduksjon, må utrekning av Noregs sjølvforsyningsgrad gjere det same. Sjølvforsyningsgrad korrigert for import av fôr skal vere resultatmål.
  • Samfunnsoppdraget til jordbruket er å sette oss i stand til å leve på og av norsk jord. For å utføre dette oppdraget treng næringa fyrst og fremst hjelp til å ta vare på og utvikle denne jorda. Difor må statleg investeringsstønad og tilskot rivast vekk frå fjøs og volumproduksjon og over til jord: nydyrking, opprusting av tidlegare dyrka jord, opning av attgrodde beiter, grøfting og sperregjerder mot utmark.
  • Å fjerne pristilskot gjev høve til å betre nytte handlingsrommet vi har i tollvernet. Produsentprisane må aukast gjennom betra kvalitet, ikkje offentleg støtta volumproduksjon.

Dei store endringane i norsk jordbruk har kome når forbrukarane har vore ein del av jordbrukspolitikken.

Med forbrukarane på laget

Denne politikken vil gjere sjølvforsyninga meir reel, og gje norsk matproduksjon eit reelt kvalitetsløft. Er dette noko norsk jordbruk kan stille seg bak?

Situasjonen vi har no syner oss meir enn nokon gong at vi ikkje kan overlate ansvaret den politiske styringa for matproduksjonen vår til politikarar. Dei store endringane i norsk jordbruk har kome når forbrukarane har vore ein del av jordbrukspolitikken. Det er ikkje ofte. Kriseforliket i 1935 og opptrappingsvedtaket i 1975 er eksempel på tider då jordbruket har høyrt til fleire enn bøndene og byråkratane.

Når samfunnsoppdraget til jordbruket står i sentrum for politikken er forbrukarane dei viktigaste allierte til jordbruket.