Hopp til innhold
Kronikk

Økologisk skivebom

Programmet Folkeopplysningen er tilsynelatande fullt av kunnskap, men syner diverre skuffande lite forståing.

Folkeopplysningen, sesong 3 (5:7)

I NRK-programmet Folkeopplysningen gjekk programleiar Andreas Wahl økologisk landbruk nærmare i sømmene.

Foto: Nina Fjeldsaa / NRK

Ein skal passe seg for å sette høge krav til seg sjølv. Ein skal passe seg for å sette seg mål ein ikkje når i morgon, og særleg om dei måla fortel viktige deler av samfunnet at dei ikkje er gode nok. Då legg ein samstundes hovudet på hoggestabben til konfrontasjonskåte journalistar, som Andreas Wahl i NRK-programmet Folkeopplysningen.

Sjølvsagt er ikkje økologisk jordbruk perfekt. Ingen veit det betre enn vi som kjenner oss heime innanfor sjangeren. Men redsla for at økologisk jordbruk ikkje kan mette verda er ei noko merkeleg frykt som stort sett avgrensar seg til dei som er vane å tenke innanfor rammene av det konvensjonelle landbruket. FN, FAO, verdas utviklings- og småbrukarorganisasjonar har derimot ikkje problem me å sjå at det er meir enn nok fornybare matressursar i verda til å få både noverande og komande innbyggjarar, berre vi forvaltar dei rett.

Å dyrke økologisk gjev bønder høve til å ta vare på deira lokale variantar, enten det er ei geit, ein maissort eller ei høne. Det er ikkje noka naturlov, men slik det har vorte: Konvensjonelt jordbruk er så produktivt at berre dei mest effektive dyre- og planteartane heng med på lasset. Men vi treng alle. For tida driv ein mellom anna og kryssar gamle brokkolivariantar inn i dei moderne, høgtytande hybridane: Dei gamle er mykje meir næringstette.

Skikkeleg dyr forsking

For det er minst to ting som er feil med å måle berekraft i landbruk ved kor mange kaloriar ho produserer per arealeining. For det fyrste er avlingsnivåa i konvensjonelt jordbruk ikkje oppstått av seg sjølv, men eit resultat av 70 år med skikkeleg dyr forsking. Kven veit kor matproduksjonen vår kunne vore om ein i staden hadde nytta midlane på forsking på økologiske teknikkar?

Slik forsking har til dømes ført til at ein ikkje nyttar insektmiddel i norske agurkhus lenger – i staden nyttar ein nyttedyr, insekt, ein teknologi utvikla av økologar, brukt av alle.

For det andre er det ingen som kan leve av kaloriar aleine. Matvitskapsverda renn over av forsking. Kva du no enn måtte meine om kjøtproduksjon, sukker, gluten eller berekraftig landbruk, finst det ein rapport som støtter synet ditt. Men det finst svært få rapportar som klarar å løfte blikket og sjå det heile i samanheng.

Kjensler har ein plass i matproduksjonen vår.

Ein av dei er UNCTAD-rapporten Trade and Enviroment Review 2013: Wake up before it is too late. Den grøne revolusjonen løyste eit problem vi hadde på syttitalet, men no er problemet eit anna: ressursfordeling. For å løyse det treng vi eit paradigmeskifte i verdas matproduksjon – til «økologisk intensivering».

«Dette inneber eit raskt og signifikant skifte frå konvensjonell, monokulturbasert og høginnput-avhengig produksjon mot mosaikkar av berekraftige, regenerative produksjonssystem som òg monaleg forbetrar produktiviteten til småbønder. Vi treng å sjå ein overgang frå ein lineær til ein holistisk inngangsvinkel til matproduksjon, som anerkjenner at ein bonde ikkje berre er ein produsent av jordbruksvarer, men og forvaltar av eit agroøkologisk system som forsyner oss med eit stort tal offentlege gode og tenester,» er eit av hovudbodskapa i rapporten.

Respekt for det ukjende

Etter nokre generasjonar med desinfiseringshysteri held vi no på å gjenoppdage kor viktige bakteriar er inne i kroppen vår. Kanskje fører det til at vi etter kvart ser kor viktige mikroliv er i resten av økosystemet vårt – ikkje minst i den, for dei fleste, usynlege matjorda. Vi kjenner berre to prosent av livet i jorda såpass godt at vi kan gje det eit namn. 98 prosent av det som går føre seg der nede har vi ikkje peiling på korleis vi skal definere.

Ein viktig del av folkeopplysning er å forstå kor lite ein veit.

Gjer vi ikkje då lurt i å vere litt audmjuke, ha litt respekt for dei prosessane naturen sjølv har skapt, gjennom prosessar vi menneske tydelegvis er ein altfor ung skapning til å ha føresetnadar for å sjå omfanget av? Er det god journalistikk å latterleggjere folk for å meine at ein ikkje berre skal respektere naturen på søndagstur og ved å slå av bilen utanfor butikken, men og i matproduksjonen vår?

Følg debatten: Twitter og Facebook

Ikkje kims av kjensler

I programmet vert forbrukarar lurt til å drikke konvensjonell vin forkledd som økologisk. Ingen vert overraska over resultatet av den «undersøkinga». Smak, både som vitskap og verktøy, er erfaringsbasert: Utover salt, søtt, surt og bittert kan ikkje smakar relaterast til noko anna enn smakar vi har vore borti før. Du kan lure den smartaste vinsmakar ved å putte raud konditorfarge i kvitvinen. Det er rett og slett mykje av poenget.

Ja, for gå i gang og gjer narr av meg, Andreas: Kjensler har ein plass i matproduksjonen vår.

Å dyrke økologisk gjev bønder høve til å ta vare på deira lokale variantar, enten det er ei geit, ein maissort eller ei høne.

I helga var eg på Slow Food-arrangementet Terra Madre Salone del Gusto i Torino, Italia. 7000 matprodusentar frå 142 land feira sine økologiske, tradisjonsbundne produkt under overskrifta «Loving the Earth». Du kunne sikkert ha latterleggjort kvar og ein av oss der vi gjekk frå bod til bod og smakte ost laga på mjølk frå kyr som ikkje får mjølke meir enn 3000 liter i året (fordi ein slik held oppe det biologiske mangfaldet i beita dei går på) og den gamle maisvarianten popovo polje brzac frå Hercegovina som gjer monaleg mindre avling enn moderne hybridar (men er, jada, ekstra smaksrik – og kan i tillegg haustast sjølv om dalen han vert dyrka i fløymer over, noko som stadig vekk skjer).

Eller kanskje ville sjølv du ikkje klart å unngå å verte smitta av entusiasmen, engasjementet, kunnskapen og – ikkje minst – nysgjerrigheita som finst i ei slik forsamling. Ein viktig del av folkeopplysning er å forstå kor lite ein veit. Der har Folkeopplysningen mildt sagt litt å gå på.

Se Folkeopplysningen på NRK nett-TV